Tammun
Tammun | |||
طمّون, טאמון, Tamoun, Tamon | |||
kommune | |||
Namneopphav: «Stille»,[1] eller «Å flyte over»[2] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tubas guvernement | ||
Koordinatar | 32°17′03″N 35°23′09″E / 32.28417°N 35.38583°E | ||
Areal | 81,0 km² | ||
Folketal | 10 795 (2007) | ||
Folketettleik | 133 / km² | ||
Grunnlagd | 1400-talet | ||
• Bystatus | 1997 | ||
Borgarmeister | Muhammad Ahmad Bsharat | ||
Tammun 32°17′03″N 35°23′09″E / 32.2842°N 35.3858°E | |||
Kart som viser Tammun.
| |||
Wikimedia Commons: Tammun |
Tammun (arabisk skrift طمّون, hebraisk skrift טאמון) er ein palestinsk by i Tubas guvernement, 13 kilometer nordaust for Nablus og fem kilometer sør for Tubas nordaust på Vestbreidda. Tammun hadde eit folketal på kring 10 795 innbyggjarar i 2007.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1854 vart Tammun identifisert som den bibelske byen Tabbath i Efraim av bibelforskaren van de Velde.[4][5] Tabbath er i dag identifisert som ein stad i Jordan.[6][7] Namnet på byen kjem frå det arabiske ordet tammen, som tyder «stille».[1]
Den moderne historia til Tammun går attende til 1400-talet. Byen vart grunnlagd av ei gruppe beduinar frå Arabia som prøvde å finne ein trygg stad i Palestina med utsyn over områda i nærleiken.[1] I 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som «Tammun», i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 15 hushaldningar og 3 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skattar for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.[8] Over dei siste fire hundreåra, slo arabarar frå byane Kafr Qaddum og Halhul seg ned i byen.[1] I 1881 vart Tammun skildra som «ein ganske stor landsby ved foten av fjellet, med ope lende i nord. Landsbyen ligg høgt, med oliven i sør.[9]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Tammun eit folketal på 1 345, alle muslimar.[10] Dette hadde auka i 1931 til 316 busette hus og eit folketal på 1599, igjen alle muslimar.[11]
I 1945 var folketalet 2 070, med 98 080 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[12] 393 dekar vart nytta til plantasjar og irrigert land, 33 181 dekar for korn,[13] medan 157 dekar vart utbygd (urbant) land.[14]
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Tammun ligg 332 meter over havet. Han ligg fem kilometer sør for Tubas, 23 kilometer nordaust for Nablus, og grensar til Far'a og Wadi al-Far'a i vest og an-Naseriya i sør.[1]
Årsmiddeltemperaturen i Tammun er 20 grader Celsius. Byen har ein årsmiddelnedbør på 331 millimeter og ein gjennomsnitt luftfukt på 57 %.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tammun» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guerin, Victor (1875). Description Géographique, Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2: Samarie, pt 2.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Tammun Village Profile Applied Research Institute - Jerusalem.
- ↑ Palmer, 1881, 208
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.107.
- ↑ Meredith van de Velde, William Charles. (1854). Narrative of a Journey Through Syria and Palestine in 1851 and 1852 W. Blackwood and Sons, p,328.
- ↑ Dommarane 7:22
- ↑ W. F. Albright (1924–1925)). «The Jordandalen i bronsealderen». The Annual of the American Schools of Oriental Research 6: 13–74.
- ↑ John F. A. Sawyer and David J. A. Clines (1983). Midian, Moab And Edom: History And Archeology Of Late Bronze And Iron Age Jordan And North West Arabia. Continuum International Publishing Group - Sheffie.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125.
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 228
- ↑ Barron, 1923, Table IX, Underdistrikt of Nablus, s. 24
- ↑ 1931 Det britiske mandatet Census. s. 65.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 108
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158