Hopp til innhald

Sylvie Becaert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvie Becaert


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 6. september 1975 (49 år)
Lille
Idrett skiskyting
Tok del i Vinter-OL 2002, biathlon at the 2006 Winter Olympics – women's relay, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett kvinner
Utmerkingar offiser av Den nasjonale fortjenstorden

Sylvie Becaert (fødd 6. september 1975) er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Lille, som vann to VM-gull og i alt sju medaljar i verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 2003-10.

Becaert slo gjennom internasjonalt i 2003-sesongen, også hennar største sesong. Ho vann 7,5 km sprint under VM i Khanty-Mansijsk, hennar einaste individuelle siger i verdscupen i skiskyting og km tre gongar på andreplass i enkeltrenn. Samanlagt kom ho på tredjeplass i verdenscupen det året.

I Vinter-OL 2006 i Torino gjekk Becaert på det franske stafettlaget tok bronse bak Russland og Tyskland. Under VM i skiskyting 2007 i Antholz gjekk ho og lagkameratane inn til sølvmedalje på stafetten, einast Tyskland var for sterke. Året etter tok dei franske kvinnene medalje i 4 x 7,5 km for tredje gong i rad, Becaerts andre stafettbronse.

Under VM i skiskyting 2009 i Pyeongchang tok Becaert og Frankrike enno ein VM-bronse, den fjerde rake i kvinnestafett. Då hadde ho allereie vorte verdsmeister i mixstafett; saman med Marie-Laure Brunet, Vincent Defrasne og Simon Fourcade. I same sesongen gjekk ho i Trondhem inn til sin sjette og siste pallplass i verdscupen, seks år etter den forrige.

Becaert og dei franske kvinnene heldt fram medaljerekka i stafett, under vinterleikane 2010 i Vancouver tok dei OL-sølv, eit halv minutt bakom Russlands lag. Ho la opp etter OL-sesongen.