Hopp til innhald

Sverd i fjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°56′29″N 5°40′18″E / 58.94139°N 5.67167°E / 58.94139; 5.67167

Møllebukta der Sverd i fjell er sett opp.

Sverd i fjell er ein bronseskulptur sett opp til minne om slaget i Hafrsfjord som samla Noreg til eitt rike. Han er laga av tre store sverd som står opp frå svaberget i Møllebukta inst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Skulpturen vart laga av Fritz Røed frå Bryne frå 1980 til 1983.[1] Han vart avduka av kong Olav 7. mai 1983.[2]

Eit større sverd står for kongen som sigra, medan dei to mindre er bilete på dei tapande småkongane. Minnesmerket er også meint som eit symbol for fred. Sverda er sett ned i fjellet for at dei aldri meir skal brukast, slik ein kunne stikka sverd i jorda som ei fredshandling i norrøn tid.[3]

Fotnotar
  1. Fritz Røed. Store norske leksikon. 15. februar 2009. Henta 25. juli 2018. 
  2. Slaget i Hafrsfjorden. Store norske leksikon. 16. februar 2017. Henta 25. juli 2018. 
  3. Strømodden, Jarle (13. februar 2009). Fritz Røed. Norsk biografisk leksikon. Henta 25. juli 2018.