Svartkurle
Svartkurle | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Nigritella | ||
Art: | N. nigra | ||
Vitskapleg namn | |||
Nigritella nigra
(Linné) Rchb.f.
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik grasmark | ||
Utbreiing: | Noreg, Sverige |
Svartkurle (Nigritella nigra) er ei plante i svartkurleslekta Nigritella i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Svartkurle kan bli vel 20 centimeter høg. Planta har eit kuleform aks med mørkt brunraude blomar.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Det har vore diskutert om svartkurle og andre artar i slekta Nigritella skal innlemmast i brudesporeslekta, slik det er gjort i mange klassifiseringer, men ein har så langt valt å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt.[2][3][4] Mellom anna i Sverige og i Plants of the World Online har ein innlemma svartkurle i brudesporeslekta med namnet Gymnadenia nigra.[5][6]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Svartkurle er ei svært sjeldan plante som berre finst i Noreg og Sverige. I Noreg er hovudutbreiinga i grenseområdet mellom Innlandet og Trøndelag, med eit par funnstader noko lenger sør og på eit avgrensa område i Nordreisa i Troms.[7] Svartkurle er totalfreda i Noreg[8] og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN).[3] Som ein av svært få artar er han og verna som prioritert art gjennom eiga forskrift.[9]
I Sverige er svartkurle (svensk namn brunkulla) rekna som sterkt truga (EN).[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar svartkurle». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre svartkurle». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ 3,0 3,1 «Raudlista: Svartkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022.
- ↑ Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 136 (July): 21–28. ISSN 1095-9513. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018.
- ↑ 5,0 5,1 «Artfakta: Gymnadenia nigra brunkulla». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «PoWO: Gymnadenia nigra». Plants of the World Online. Henta 7. mars 2024.
- ↑ «Artskart: Svartkurle, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Forskrift om svartkurle (Nigritella nigra) som prioritert art». Lovdata. 29. mai 2015. Henta 1. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) svartkurle hos Artsdatabanken
- (en) svartkurle i Encyclopedia of Life
- (en) svartkurle i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) svartkurle hos Dyntaxa
- (en) svartkurle hos NCBI
- (en) svartkurle hos The International Plant Names Index
- (en) Kategori:Gymnadenia nigra – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Gymnadenia nigra – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Gymnadenia nigra – detaljert informasjon på Wikispecies