Susa
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Susa i Italia.
Susa | |||
farsi شوش Shush ʃuʃ gresk Σοῦσα ˈsuːsa gammalsyrisk ܫܘܫ Shush gammalpersisk Çūšā- bibelhebraisk שׁוּשָׁן Shushān | |||
By | |||
Tell (kunstig ås) etter kongebyen (venstre) og akropolisen (høgre) sett frå Apadana-høgda i Susa.
| |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Zagrosfjella | ||
Del av | Susa | ||
Susa 32°12′N 48°15′E / 32.2°N 48.25°E | |||
Wikimedia Commons: Susa |
Susa var ein by i oldtidsrika Elam, Persarriket og Partia. Ruinane etter byen ligg ved foten av Zagrosfjella rundt 25 mil aust for Tigris, mellom elvane Karkheh og Dez. Ved staden ligg no den moderne småbyen Shush i Khuzestan i Iran.
Susa høyrer til blant dei eldste byane i verda. Arkeologiske utgravingar har vist spor etter bybusetnad her som er rundt 6000 år gamle. Byen var hovudstad i Elam til han blei øydelag av assyrarkongen Assurbanipal i 640-åra f.Kr. Han blei deretter erobra av dei persiske Akamenidane, og gjenreist av Darius den store, som også hadde byen som hovudstad. Susa blei seinare erobra av Aleksander den store og gjort til del av Selevkideriket. Han var viktig fram til 1200-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Susa» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Susa» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Jean Perrot, Le Palais de Darius à Suse. Une résidence royale sur la route de Persépolis à Babylone, Paris, Paris-sorbonne.fr Arkivert 2011-07-21 ved Wayback Machine., 2010
- Lendering, Jona. «Susa, capital of Elam». The Iranian Chamber. Henta 2010.
- Vallat, François. The History of Elam. The Circle of Ancient Iranian Studies (CAIS).
- Potts, Daniel T. (1999). The archaeology of Elam: formation and transformation of an ancient Iranian state. Cambridge University Press, 1999. s. 490. ISBN 0-521-56496-4. World Archaeology Series.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden til Susa by Arkivert 2016-09-05 ved Wayback Machine.
- Susa ved Irantour.org
- Bilete frå Susa Arkivert 2018-12-25 ved Wayback Machine. ved Livius.org
- Luftfoto av Susa Arkivert 2006-05-03 ved Wayback Machine. ved uchicago.edu
- Digitale bilete av kuneiform frå Susa Arkivert 2011-06-17 ved Wayback Machine. ved CDLIDenne historieartikkelen som har med Iran å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.