Hopp til innhald

Sulaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sula
Сула
elv
Land  Ukraina
Nedslagsfelt 19 600 km²
Lengd 365 km
Kjelde Sumy og Tsjernihiv oblast
Munning Dnepr
Kart
Sulaelva
49°33′19″N 32°45′16″E / 49.55527778°N 32.75444444°E / 49.55527778; 32.75444444
Wikimedia Commons: Sula River (Ukraine)

Sula (ukrakinsk og russisk Сула́) er ei venstre sideelv til Dnepr med ei lengd på 365 km og eit nedslagsfelt på 19 600 km².

Elva munnar ut i Dnepr via Krementsjukreservoaret, og dannar her eit delta med mange øyar. Her finn ein mellom anna sjeldne fugleartar. Ei viktig sideelv er Uday, medan mindre sideelvar er Orstsjyzja, Sliporid, Romen og Tern.

Dei største byane langs elva er Romny, Lokhvytsia, Tsjervonozavodske og Lubny.