Stockport
Stockport | ||
---|---|---|
Utsyn frå Stockport Viaduct | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Stor-Manchester | |
Distrikt | Stockport | |
Grunnlagd | ||
Geografi | ||
Flatevidd - By |
29,5 km² | |
Innbyggjarar - By - folketettleik |
136 082 4 612,9 /km² | |
Koordinatar | 53°24′N 2°9′W / 53.400°N 2.150°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SK1-SK8, SK12 | |
Telefon-retningsnummer | 0161 | |
Nettstad: www.stockport.gov.uk | ||
Stockport er ein by i Stor-Manchester i England. Han ligg rundt 10 kilometer sør for byen Manchester, på staden der elvane Goyt og Tame renn saman og dannar den kjende elva Mersey. Stockport er den største kommunen i Metropolitan Borough of Stockport, og hadde ved folketeljinga i 2001 eit innbyggjartal på 136 082.
Byen var historisk ein del av Cheshire. På 1500-talet var Stockport ein liten by som då i heilskapen sin låg på sørsida av Mersey, og var kjent for dyrking av hamp og framstilling av tau. På 1700-talet hadde byen ein av dei første mekaniserte silkefabrikkane i Storbritannia. På 1800-talet var likevel den leiande industriverksemda til Stockport innan bomull og tilknytte industriar. Stockport var òg senter for hatt-industrien i landet, og eksporterte i 1884 over seks millionar hattar per år. I desember 1997 vart den siste hattefabrikken i Stockport stengd. Hattehistoria til byen er bevart i hattemuseet «Hat Works».
Den vestlege innfarten til byen blir dominert av Stockport Viaduct. Han vart bygd i 1840 og viadukten har 27 teglsteinsbogar som fører hovudjernbanen frå Manchester til Birmingham og London over elva Mersey. Dette byggverket var bakgrunn på mange av måleria til L.S. Lowry.
Fotballaget til byen er Stockport County FC, som for tida (2010/11) spelar i Football League Two, det fjerde nivået i engelsk fotball. Dei spelar heimekampane sine på Edgeley Park.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling i Stockport sidan 1901 | |||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
År | 1901 | 1911 | 1921 | 1931 | 1939 | 1951 | 1961 | 1971 | 1981 | 1991 | 2001 |
Folketal | 92 832 | 108 682 | 123 309 | 125 490 | 134 132 | 141 650 | 142 543 | 139 598 | 136 792 | 132 813 | 136 082 |
County Borough 1901–1971[1] · Urban Subdivision 1981–2001[2][3][4] |
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Flagget til Frankrike Béziers, Frankrike (1972)
- Heilbronn, Tyskland (1982)
Kjende folk frå Stockport
[endre | endre wikiteksten]- Norman Foster (f. 1935) – arkitekt[5]
- Peter Boardman (1950–1982) – fjellklatrar, døydde på Mount Everest.[6]
- Peter Butterworth (1917-1978) – skodespelar, kjent frå Carry on-filmane [7]
- Wendy Hiller (1912-2003) – skodespelar[8]
- Sarah Harding (f. 1981) – songar/låtskrivar i popgruppa Girls Aloud[9]
- Dominic Howard (f. 1977) – trommeslager i rockbandet Muse.[10]
- Will Mellor (f. 1976) – skodespelar, kjent for rolla som Gaz i Two Pints of Lager and a Packet of Crisps.[11]
- Dominic Monaghan (f. 1976) – skodespelar, kjent for rolla som Munti Brennibukk i Ringenes herre.[12]
- Tim McInnerny (f. 1956) – skodespelar, kjent for rollene som Lord Percy og Captain Darling i Blackadder.[13]
- Paul Morley (f. 1957) – musikkjournalist, musikar, produsent og grunnlegger av plateselskapet ZTT [14]
- Fred Perry (1909–1995) – tennisspiller, Wimbledon-vinner.[15]
- Daz Sampson (f.1974) – songar og plateprodusent, representerte Storbritannia under Eurovision Song Contest 2006.
- Paul Warhurst (f.1969) – fotballspelar, spelte mellom anna for Blackburn Rovers, Bolton Wanderers, Oldham Athletic og Sheffield Wednesday.[16][17]
- Joanne Whalley (f. 1964) – skodespelar
- Joseph Whitworth (1803–1887): framståande viktoriansk ingeniør[18][19]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stockport» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Steve Cliffe: Stockport History and Guide (2005), Tempus, ISBN 0-7524-3525-6
- Peter Arrowsmith: Recording Stockport's Past: Recent Investigations of Historic Sites in the Borough of Stockport (1996) Stockport Metropolitan Borough Council, ISBN 0-905164-20-2
- Peter Arrowsmith: Stockport: a History (1997), Stockport Metropolitan Borough Council, ISBN 0-905164-99-7
- ↑ Stockport County Borough, Vision of Britain Vitja 10. juli 2011
- ↑ 1981 Key Statistics for Urban Areas GB Table 1, Office for National Statistics, 1981
- ↑ 1991 Key Statistics for Urban Areas, Office for National Statistics, 1991
- ↑ KS01 Usual resident population: Census 2001, Key Statistics for urban areas, National Statistics, arkivert frå originalen 21. april 2007, henta 10. juli 2011
- ↑ «Lord Norman Foster portrait». The Daily Telegraph. 8. august 2008. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Peter Boardman Biography». Biographybase. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Peter Butterworth biography». IMDb. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Manchester Celebrities Television, Film, Media & Broadcasting (16): Dame Wendy Hiller OBE». Virtual Encyclopedia of Greater Manchester. Manchester UK, Papillon Graphics. Henta 10. juli 2011.
- ↑ Matthew Davis (29. april 2009). «Pop sensation Sarah Harding is in control». Stockport Express. Henta 10. juli 2011.
- ↑ David Cheal (18. september 2003). «Hurrah, it's the end of the world!». The Daily Telegraph. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Will Mellor biography». IMDb. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Dominic Monaghan biography». IMDb. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Tim McInnerny Biography». Moviezen. Henta 10. juli 2011.
- ↑ K.M. Whitehouse (2008). «Paul Morley mini biography». The Art of Noise Online. Henta 10. juli 2011.
- ↑ Stockport Metropolitan Borough Council. «Fred Perry Way». Stockport.gov.uk. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Double Boost for County». Stockport Express. 8. januar 2009. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Paul Warhurst». Soccerbase.com. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Sir Joseph Whitworth, Engineer». The Industrial Heritage of Britain. Peter J Whitehead. Henta 10. juli 2011.
- ↑ «Manchester Celebrities - Philanthropy, Philosophy & Religion (2 of 5)». Papillon Graphics' Virtual Encyclopedia of Greater Manchester. John Moss, Papillon (Manchester UK) Limited. 14. mars 2009. Henta 10. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Stockport Express, lokalavis