Hopp til innhald

Sosialdarwinisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sosialdarwinismen er ei filosofisk/ideologisk retning, grunnlagd av Herbert Spencer (jfr. tesen Survival of the fittest) som meiner at han tillempar Charles Darwin si naturvitskaplege utviklingslære til samfunnet.

Darwin sjølv tok avstand frå sosialdarwinismen, og biologar ser sosialdarwinisme som ei forvrenging av evolusjonsteorien.

Grunnprinsippet i sosialdarwinismen er at utviklinga av arten/nasjonen si utvikling skjer gjennom utslaging av svake individ, der berre dei sterkaste overlever og fører sine gen vidare til komande slektsledd. Derfor er dei motstandarar av sosialpolitisk innsats for dei svake og utslåtte. Fattigdomen har ifølgje sosialdarwinismen ein funksjon å fylle; han reinsar samfunnet frå svake individ og hindrar desse i å føre sine dårlege gen vidare.

Sosialdarwinismen er ein fundamental del av den nazistiske og fascistiske ideologien.

Sjå òg rasisme.

Kjelde: Svensk wikipedia, art. Socialdarwinism.