Sonja Aldén
Sonja Aldén | |||
Sonja Aldén | |||
Fødd | 10. desember 1977 (46 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | St. Albans, Storbritannia | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 2004- | ||
Sjanger | Schlager | ||
Tilknytte artistar | Shirley Clamp Sanna Nielsen | ||
Verka som | Songar |
Sonja Aldén (fødd 20. desember 1977) er ein svensk songar.[1] Ho er mest kjend for deltakingane sine i Melodifestivalen. I 2005 skreiv ho bidraget til Shirley Clamp, «Att älska dig», og seinare same år var ho støttevokalist for Laura & The Lovers, med songen «Little by Little», som representerte Litauen i Eurovision Song Contest. I 2006 deltok ho, under artistnamnet Sonya, med songen «Etymon» i den andre deltevlinga, men enda på femteplass og kvalifiserte seg difor ikkje til finalen. Same år skreiv ho bidraget til The Poodles, «Night of Passion», som enda på sjetteplass i finalen. Året etter deltok ho med songen «För att du finns» i den tredje deltevlinga. Ho gjekk vidare til andresjansen og seinare til finalen der ho enda på sjetteplass. I 2012 deltok ho i den andre deltevlinga med songen «I din himmel», men enda på sjetteplass og gjekk dimed ikkje vidare til korkje finalen eller andresjansen.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- Till dig (2007)
- Under mitt tak (2008)
- I gränslandet (2012)
- I andlighetens rum (2013)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sonja Aldén» frå Wikipedia på svensk, den 25. februar 2012.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |