Snøgås
Utsjånad
Snøgås | |
A. c. caerulescens | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Snøgås | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Anser |
Art: | Snøgås A. caerulescens |
Vitskapleg namn | |
Anser caerulescens |
Snøgås (Anser caerulescens, tidlegare Chen caerulescens) er ein fugleart i andefamilien.
Utbreiing og taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Snøgåsa hekkar nord for tregrensa på Grønland, i Canada, Alaska og det noraustlegaste Sibir. Arten vert delt opp i to underartar.
- A. c. caerulescens: Lever i den vestre delen av utbreiingsområdet.
- A. c. atlanticus: Er litt større og lever i den austre delen av arten sitt utbreiingsområde.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Arten opptrer i to fargevariantar, kvitt eller blågrått. Dei kvite er snøkvite unnateke vengespissane som er svarte. Den andre typa har blågrått som erstatning for kvitt unnateke hovudet, nakken og halespissen. Ungfuglen av den blå varianten er meir gråleg med lite eller ikkje noko kvitt. Både den kvite og den blå typa har rosaraude føter og legger, og lyseraud nebb.
Trekktilhøve
[endre | endre wikiteksten]Fuglane flyg sørover til dei milde delane av Nord-Amerika og overvintrar frå det sørvestre British Columbia i nord til Mexico i sør.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Snow goose» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Snøgås hos Artsdatabanken
- (en) Snøgås – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Snøgås i Encyclopedia of Life
- (en) Snøgås i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Snøgås hos Dyntaxa
- (en) Snøgås hos Fossilworks
- (en) Snøgås hos ITIS
- (en) Snøgås hos NCBI
- (en) Kategori:Anser caerulescens – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Anser caerulescens – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anser caerulescens – detaljert informasjon på Wikispecies