Slash
Treng oppdatering |
Slash | |||
| |||
Fødd | 23. juli 1965 (59 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hampstead | ||
Alias | Slash | ||
Opphav | Storbritannia, USA | ||
Aktiv | 1981– | ||
Sjanger | hardrock, tradisjonell metal, bluesrock, Puddelrock | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | Eagle Rock Entertainment, Geffen Records, RCA Records, Roadrunner Records, EMI | ||
Verka som | gitarist, musikkprodusent | ||
Mor | Ola Hudson | ||
Far | Anthony Hudson | ||
Gift med | Perla Ferrar | ||
Born | London Hudson | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Saul Hudson (fødd 23. juli 1965), betre kjend under artistnamnet Slash, er ein engelsk-amerikansk musikar og låtskrivar.[1] Han er mest kjend som sologitaristen i det amerikanske hardrockbandet Guns N' Roses, som han fekk stor suksess med verda over seint i 1980- og tidleg i 1990-åra. I dei seinare åra med Guns N' Roses, skipa Slash sideprosjektet Slash's Snakepit. Etter han slutta i Guns N' Roses i 1996, var han med å starte supergruppa Velvet Revolver i midten av 2000-åra. Slash har gjeve ut tre soloalbum: Slash (2010), med ei rekkje gjestemusikarar, Apocalyptic Love (2012) og World on Fire (2014), spelt inn med bandet hans Myles Kennedy and the Conspirators. Han kom attende til Guns N' Roses i 2016.
Slash har fått mykje hyllest i musikkpressa og vert rekna som ein av dei beste rockegitaristane. Magasinet Time kåra han i 2009 til nest beste gitaristen på lista si over dei ti beste elektriske gitaristane,[2] medan Rolling Stone sette han på 65. plassen på Topp 100-lista si over dei dei beste gitaristane gjennom tidene i 2011.[3] Guitar World rangerte gitarsoloen hans i «November Rain» som den sjette beste gitarsoloen gjennom tidene i 2008,[4] og Total Guitar kåra riffet hans i «Sweet Child o' Mine» til det beste gitarriffet gjennom tidene i 2004.[5] I 2010 rangerte Gibson Guitar Corporation Slash på 34. plassen på lista si over dei 50 beste gitaristane.[6] I 2012 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av den klassiske besetninga i Guns N' Roses.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Slash med Myles Kennedy & The Conspirators
[endre | endre wikiteksten]- Slash (2010)
- Apocalyptic Love (2012)
- World on Fire (2014)
Med Guns N' Roses
[endre | endre wikiteksten]- Appetite for Destruction (1987)
- G N' R Lies (1988)
- Use Your Illusion I (1991)
- Use Your Illusion II (1991)
- «The Spaghetti Incident?» (1993)
Med Slash's Snakepit
[endre | endre wikiteksten]- It's Five O'Clock Somewhere (1995)
- Ain't Life Grand (2000)
Med Velvet Revolver
[endre | endre wikiteksten]- Contraband (2004)
- Libertad (2007)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Slash» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Litteratur
- Slash; Bozza, Anthony (2008). Slash. HarperCollins. ISBN 978-0-00-725777-5.
- Fotnotar
- ↑ «Slash information page». www.slashparadise.com. 10. november 2012. Arkivert frå originalen den 2. juli 2012.
- ↑ Tyrangiel, Josh (14. august 2009). «The 10 Greatest Electric Guitar Players». Time. Arkivert frå originalen den 5. mai 2011. Henta 6. juni 2018.
- ↑ «100 Greatest Guitarists». Rolling Stone. 23. november 2011. Arkivert frå originalen den 2. november 2016. Henta 6. juni 2018.
- ↑ «The 100 Greatest Guitar Solos: 6) «November Rain» (Slash)». Guitar World. 14. oktober 2008. Arkivert frå originalen 29. april 2011. Henta 29. april 2011.
- ↑ «The 100 Greatest Riffs». Total Guitar. June 2004. Arkivert frå originalen den 2. april 2012. Henta 29. april 2011.
- ↑ «Gibson.com Reveals Top 50 Guitarists, Plus Readers Poll Results» (på engelsk). Gibson.com. 28. mai 2010. Arkivert frå originalen den 25. juli 2016. Henta 28. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Slash-diskografi på Discogs
- Slash ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Einskildmenn
- Fødde i 1965
- Slash
- USA-amerikanske heavy metal-gitaristar
- USA-amerikanske gitaristar
- USA-amerikanske låtskrivarar
- Engelske rockegitaristar
- Engelske låtskrivarar
- Sologitaristar
- Slidegitaristar
- Guns N' Roses-medlemmar
- Hollywood Rose-medlemmar
- Slash's Snakepit-medlemmar
- Velvet Revolver-medlemmar
- Kerrang!-prisvinnarar
- Rock and Roll Hall of Fame
- Musikarar frå London
- Folk frå Hampstead
- Musikarar frå Los Angeles