Hopp til innhald

Skrueaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrueaks

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Spiranthes
Art: S. spiralis
Vitskapleg namn
Spiranthes spiralis
(Linné) Chevall.
Økologi
Habitat: kalkrik eng og open skog
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Skrueaks (Spiranthes spiralis) er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Arten veks ikkje i Noreg. Skrueaks skil seg frå dei fleste andre orkidear i tempererte strøk ved at han blømer om hausten.

Skrueaks finst i store delar av Europa utanom den nordlege delen.[3]

I Sverige (svensk namn skruvax) finst han på ein lokalitet på Öland, der han er innplanta. Han er derfor klassifisert som framandart i kategorien "Ingen kjend risiko" (NK).[4]

I Danmark (dansk namn skrueaks) vart arten sist sett på Bornholm i 1981 og er rekna som regionalt utdøydd (RE).[5]

Skrueaks (engelsk namn autumn lady's-tresses) har ein god del veksestader i dei sørlege delane av Dei britiske øyane. Arten er rekna som nær truga både i Storbritannia og Irland.[6][7] Lokalt er han nær truga (NT) i England,[8] men blir rekna som livskraftig (LC) i Wales.[9]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn herfstschroeforchis, fransk namn spiranthe d'automne) i Nederland i sanddyner på kysten i sør og i Limburg. Han er sjeldan, men bestanden har teke seg noko opp dei siste åra. I Belgia finst han ikkje lenger i Flandern, medan han har ein kjend veksestad i Vallonia.[10][11][12] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[13] I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, regionaal uitgestorven) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[14][15] Arten finst ikkje i Luxembourg.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar skrueaks». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre skrueaks». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «PoWO: Spiranthes spiralis». Plants of the World Online. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Artfakta naturvård: Spiranthes spiralis skruvax». Artdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Naturbasen: Skrueaks Spiranthes spiralis». Naturbasen. Henta 3. mars 2022. 
  6. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  7. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  8. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  10. C.A.J. Kreutz mfl. (2016). «Schroeforchis (Spiranthes Rich.) in Nederland». Gorteria Dutch Botanical Archives 38 (3/4/5): 86-157. ISSN 0017-2294. 
  11. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Spiranthes spiralis». FLORON. Henta 23. januar 2024. 
  12. «Verspreidingskaart: Herfstschroeforchis – Spiranthes spiralis». Waarnemingen.be. Henta 23. januar 2024. 
  13. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  14. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  15. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]