Hopp til innhald

Skapargud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Gud skaparen' av Stanisław Wyspiański.

Skapar eller skapargud er ein gud som er rekna som årsak til at verda og livet eksisterer. I monoteisme er den eine guden ein tilber ofte òg skaparen. I andre tradisjonar kan fleire guddomar stå for ulike delar av skaparverket.[1]

Abrahamittiske religionar

[endre | endre wikiteksten]

Jødedommen

[endre | endre wikiteksten]
Bereshit, eller Fyrste mosebok, fortel den jødiske skapingssoga.

Skapingssoga i Bibelen er del av både jødedommen og kristendommen.[2] Soga er danna av to forteljingar som utgjer om lag to kapittel i Fyrste mosebok. I den fyrste av desse skapar Elohim (den hebraiske nemninga for Gud) himmelen, jorda, dyra og menneskja på seks dagar, og signar og kvilar på den sjuande dagen (den bibelske sabbaten). I den andre historia skapar Gud, som no blir omtalt med det personlege namnet JHVH, den fyrste mannen, Adam, av støv og set han i hagen i Eden, der han blir gjeven herredøme over dyra. Eva, den fyrste kvinna, blir skapt frå Adam som ein make til han.

Kristendom

[endre | endre wikiteksten]

Kristendommen har den same skapingssoga som jødedommen. Uttrykket Skaparen blir brukt i bibelvers som i Peters første brev 4:19, «Difor skal dei som lid etter Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og gjera det gode.»[3][4]

I islam er Gud, kjend på arabisk som Allah, den allmektige og allkunnige skaparen, oppretthaldaren, fastsetjaren og dommaren over universet. Skapinga blir sett på som ei handling av gudommeleg val og medynk, med eit stort føremål: «Og Me skapte ikkje himmelen og jorda og det imellom som leik.»[5] I staden er føremålet for menneskja å bli prøvde: «Den som skapte døden og livet, slik at Han kan prøva dykk for kven av dykk som er best i gjerning. Og Han er den All-mektige, den Ofte-tilgjevande.»[6] Dei som står prøven blir løna med Paradis: «I sanning, for dei rettvise, vil det koma ei oppfylling av ønske.»[7]

Ifølgje muslimsk lære finst Gud over sjølve himmelen og skaparverket. Koranen seier: «Han er det som skapte for dykk alt som er på jorda. Så steig han opp mot himmelen og skapte dei sju himlane og han er den allkjendane av alt.»[8]

Islam lærer at Gud som er nemnd i Koranen er den einaste guden, og den same guden tilbeden innan andre abrahamittiske religionar som kristendommen og jødedommen.

Ei av dei største oppgåvene innan sikhismen er å tilbe Gud som Skaparen, kalla Waheguru, som er formlaus, tidlaus og usynleg (nirankar, akal og alakh niranjan). Ek onkar, 'det finst berre ein Gud'[9] eller 'ein skapar'[10][11], er ein hovudsetning innan trua.[12]

Innan bahai er Gud det uforgjengelege, uskapte vesenet som er kjelda til alt tilvere.[13] Han er skildra som «ein personleg Gud, ukjenneleg, utilgjengeleg, kjelde for all openberring, evig, allkjennande, allestadsverande og allmektig».[14][15] Sjølv om han er transcendent og ikkje direkte tilgjengeleg, er biletet hans spegla i skaparverket hans. Føremålet med skaparverket er for dei skapte å kunne kjenna og elska skaparen sin.[16]

Mandeismen

[endre | endre wikiteksten]

I mandeismen er Hayyi Rabbi (bokstaveleg 'Det store livet'), eller 'den store levande Gud',[17] høge guden som alt strøymer frå. Han er også kjend som 'Det fyrste livet', sidan etter skapinga av den materielle verda fløymde Yushamin frå Hayyi Rabbi som «Det andre livet».[18] Ifølgje mandeisk lære skapte Hayyi Rabbi allverda, sjeler og menneskja[19] Mandearar reknar Gud for å vera evig, skaparen av alt og den einaste som ikkje har nokon make.[20]

Atenismen blei skipa av farao Akhenaten og dronning Nefertiti rundt 1330 f.Kr., under Det nye kongeriket i Det gamle Egypt. Ekteparet fekk bygt ein heilt ny hovudstad (Akhetaten) for seg sjølv og tilbedarar av den eine skaparguden sin, Aton eller Aten. Far til Akhenaten hadde tilbedd Aten i lag med andre gudar i den polyteistiske religionen dei følgde. Etter at Akhenaten døydde forsvann denne trua på Aten som skaparguden, men trua blir rekna av nokre forskarar som eit av dei fyrste døma på monoteisme i historia.

Monolatrisme

[endre | endre wikiteksten]

Monolatristiske tradisjonar skil ein sekundær skapargud frå det grunngjevande, transcendente vesenet, identifisert som den første skaparen. Ifølgje Gaudiya Vaishnavas er Brahma den sekundære skaparen og ikkje den fyrste.[21] Vishnu er den primære skaparen. Ifølgje vaishnavaretninga skapte Vishnu det grunnleggjande universelle skalet og alt materialet, og plasserte levande vesen i den materielle verda med sin eigen sjølvstendige vilje. Brahma bruker materiala gjevne av Vishnu til å skapa det ein reknar med er planetar i Purana-terminologi, og han står for plasseringa av vesen på dei.[22]

Polyteisme

[endre | endre wikiteksten]
Figurin av skaparguden El frå sein bronsealder (1400-1200 f.Kr.)

Innan polyteistiske skapingssoger blir verda ofte skapt på organisk vis, til dømes frå eit opphavsfrø, gjennom eit heilag ekteskap eller hieros gamos, gjennom samleie eller ein mirakuløs fødsel (nokre gonger jomfrufødsel), gjennom vald, som å drepa eit urmonster, eller på kunstig vis, skapt av ein guddommeleg demiurg eller «handverkar». Nore gonger kan ein gud vera innblanda i skapinga, anten medvite eller umedvite. Nokre døme er:

Platonsk demiurg

[endre | endre wikiteksten]

Platon skildrar i dialogen sin Timaeus ei skapingsmyte som omfattar ein skapnad kalla demiurg (δημιουργός, 'handverkar'). Nyplatonismen og gnostisismen heldt fram og vidarutvikla dette konseptet. I nyplatonismen representerer demiurgen den andre årsaka eller dyad, etter monad. I gnostisk dualisme er demiurge ei uperfekt ånd og kanskje ein vond skapning som blir overgått av guddommeleg fullheit (Pleroma). Til skilnda frå den abrahamittiske Guden er Platon sin demiurg ikkje i stand til å skapa frå inkje, ex nihilo.

  1. (2004) Sacred Books of the Hindus Volume 22 Part 2: Pt. 2, p. 67, R.B. Vidyarnava, Rai Bahadur Srisa Chandra Vidyarnava
  2. Leeming & Leeming 2004, s. 113.
  3. 1 Pet 4,19
  4. Fork 12,1
  5. Qur'an 21:16, Sahih International Translation
  6. Qur'an 67:2, Muhsin Khan Translation
  7. Qur'an 78:31, Yusuf Ali translation
  8. Qur'an 2:29, Muhsin Khan translation
  9. Singh, Jagraj (2009). A Complete Guide to Sikhism. Unistar Books. s. 204. ISBN 9788171427543. 
  10. Nayar, Dr Kamala Elizabeth (16 April 2020). The Sikh View on Happiness Guru Arjan's Sukhmani. Bloomsbury Publishing. s. 129. ISBN 9781350139893. 
  11. Girardot, Norman. Merriam-Webster's Encyclopedia of World Religions. s. 500. «Oankar corresponds to the Sanskrit term Om.....Guru Nanak, the founder of the Sikh tradition, wrote a long composition entitled "Oankar", in which he attributed the origin and sense of speech to the Divinity, who is thus the "Om Maker» 
  12. Rose, David (2012). Sikhism photopack. Fu Ltd. s. 10. ISBN 978-1-85276-769-3. 
  13. Hatcher 1985, s. 74
  14. Smith 2008, s. 106
  15. Effendi 1944, s. 139
  16. Smith 2008, s. 111
  17. Nashmi, Yuhana (24. april 2013), «Contemporary Issues for the Mandaean Faith», Mandaean Associations Union, henta 8. oktober 2021 
  18. Buckley, Jorunn Jacobsen (2002). The Mandaeans: ancient texts and modern people. New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-515385-5. OCLC 65198443. 
  19. Al-Saadi, Qais (27. september 2014), «Ginza Rabba "The Great Treasure" The Holy Book of the Mandaeans in English», Mandaean Associations Union, henta 8. oktober 2021 
  20. Hanish, Shak (2019). The Mandaeans In Iraq. I Rowe, Paul S. (2019). Routledge Handbook of Minorities in the Middle East. London and New York: Routledge. s. 163. ISBN 9781317233794. 
  21. Nandalal Sinha {1934} The Vedânta-sûtras of Bâdarâyaṇa, with the Commentary of Baladeva. p. 413
  22. «Secondary Creation». Krishna.com. Arkivert frå originalen 26 November 2009. Henta 6. august 2009. 
  23. «The Great Hare». Community-2.webtv.net. Arkivert frå originalen 9. desember 2012. Henta 29. juni 2010. 
  24. «Nanabozho, Access genealogy». Accessgenealogy.com. Henta 29. juni 2010.