Sjøar på Titan
Utsjånad
Sjøane på Titan er fylte med hydrokarbon, som etan og metan.[1] Utanom jorda er Titan den einaste kjende verda i solsystemet med væskefylte sjøar på yta.[2] Dei aller fleste sjøane finst i den nordlege halvkula til Titan: berre 3 prosent av all væska på yta til Titan ligg utanfor eit område på 900 × 1800 km.[3] Meir enn 1,6 millionar kvadratkilometer av titanyta er dekt av væske, noko som svarar til nesten to prosent av heile ytearealet til Titan.[4]
Desse sjøane på Titan har fått namn:[5][6]
Namn | Storleik (km) |
---|---|
Kraken Mare | 1 170 |
Ligeia Mare | 500 |
Punga Mare | 380 |
Jingpo Lacus | 240 |
Ontario Lacus | 235 |
Hammar Lacus | 200 |
Mackay Lacus | 180 |
Müggel Lacus | 170 |
Sionascaig Lacus | 143,2 |
Ladoga Lacus | 110 |
Bolsena Lacus | 101 |
Neagh Lacus | 98 |
Sparrow Lacus | 81,4 |
Kivu Lacus | 77,5 |
Koitere Lacus | 68 |
Abaya Lacus | 65 |
Sotonera Lacus | 63 |
Mývatn Lacus | 55 |
Waikare Lacus | 52,5 |
Oneida Lacus | 51 |
Feia Lacus | 47 |
Sevan Lacus | 46,9 |
Vänern Lacus | 43,9 |
Crveno Lacus | 41 |
Lanao Lacus | 34,5 |
Urmia Lacus | 28,6 |
Uvs Lacus | 26,9 |
Freeman Lacus | 26 |
Towada Lacus | 24 |
Cayuga Lacus | 22,7 |
Cardiel Lacus | 22 |
Ohrid Lacus | 17,3 |
Logtak Lacus | 14,3 |
Atitlán Lacus | 13,7 |
Junín Lacus | 6,3 |
Albano Lacus | 6,2 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Titan's Nile-Like River Valley - NASA Photojournal
- ↑ Footprint of Ontario Lacus - NASA Photojournal
- ↑ Titan's North - NASA Photojournal
- ↑ Cassini Explores a Methane Sea on Titan
- ↑ Liste over mare-sjøar på Titan hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature
- ↑ Liste over lacus-sjøar på Titan hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature