Sias
Sias | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 330 km² | ||
Lengd | 261 km | ||
Middelvassføring | 53 m³/s | ||
Kjelde | Valdajhøgdene | ||
Munning | Ladoga | ||
Sias 59°03′41″N 33°34′39″E / 59.061388888889°N 33.577472222222°E | |||
Wikimedia Commons: Syas River |
Sias (russisk Сясь, finsk Säsjoki eller Sääsjoki) er ei elv i Novgorod og Leningrad oblast i Russland. Elva er 261 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 330 km².
Elva startar i myrområda nordvest for Valdajhøgdene og renn frå der mot nord og munnar ut i innsjøen Ladoga rundt 11 km aust for elva Volkhov. Byen Siasstroj ligg ved munningen. Den største sideelva er Tikhvinka. Sias frys til i november (nokre gonger seinare) og er islagt under isen til i april. Middelvassføringa er 53 m³/s målt 27 km før munningen.
I slutten av vendeltida og tidleg i vikingtida var Sias mykje nytta som ei alternativ rute i staden for Volkhov for trafikk frå Austersjøen til Volga. Festninga Alaborg vart bygd av væringane for å forsvare tilgangen til Sias-stryka. Bruken av ruta hadde minska på 900-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sias» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2008.