Shennongjia
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ee/VM_5332_Muyu_Tea_plantations_on_valley_slopes_north_of_town.jpg/220px-VM_5332_Muyu_Tea_plantations_on_valley_slopes_north_of_town.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/60/Location_of_Shennongjia_within_Hubei_%28China%29.png/220px-Location_of_Shennongjia_within_Hubei_%28China%29.png)
Shennongjia (kinesisk skrift 神农架林区; pinyin Shénnóngjià Línqū) er eit skogsdistrikt på fylkesnivå heilt vest i provinsen Hubei i Folkerepublikken Kina, på grensa mot Chongqing. Distriktet ligg direkte under provins-styresmaktene. Shennongjia har eit areal på 3 253 km² og hadde 76 410 ibuarar i 2010. Eit naturreservat som vart etablert i 1986 dekker eit område på 2 618 km².
Landskapet Shennongjia er dominert av skogkledde fjell og djupe dalar. Høgste toppane i fjellkjeda Daba Shan, som når opp 3 105 meter over havet, ligg innanfor distriktet. Dei store naturlege variasjonane i området gjev veksttilhøve for mange ulike plantevekstar, kinesiske botanikarar har påvist 3 479 høgreståande planter innanfor eit avgrensa felt.[1]
Shennongjia er det einaste landområdet i Kina med status som administrativt skogdistrikt.
Notar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shennongjia» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2013.