Shaybah-feltet
Shaybah-feltet | |||
شيبة | |||
oljefelt | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 21°43′25.6″N 53°39′26″E / 21.723778°N 53.65722°E | ||
Tidssone | UTC+03:00 (UTC+2) | ||
- Sommartid | +3 | ||
Shaybah-feltet 22°35′00″N 54°05′00″E / 22.583333333333°N 54.083333333333°E | |||
Kart som viser Shaybah-feltet.
|
Shaybah oljefelt er eit stort produksjonsområde for råolje i Saudi-Arabia, kring 40 km nord for ørkenen Rub' Al-Khali. Det ligg kring 10 km sør for grensa til Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata, som er ei rett linje strekt gjennom ørkenen. Det ligg 40 km sør for den austlege delen av Liwa-oasen i Abu Dhabi.
Shaybah vart utvikla for å hente ut olje frå Shaybah-feltet. Det vart grunnlagd av Saudi Aramco i 1990-åra, og før dette fanst det berre humpete stiar som vart nytta av geologane som utforska denne aude ørkenregionen. Alt materiale for å byggje Shaybah vart transportert 800 km frå Dhahran til Shaybah via veg.
Shaybah har bustader for 1 000 mann, administrative kontor, ei flystripe, ein brannstasjon, fritidsområde, verkstader og kraftstasjonar. Det går ein 650 km lang fiberoptisk kabel frå Shaybah til hovudradiosystemet ved Abqaiq.
Då det vart oppretta var det estimert at Shaybah-feltet inneheld 14 had estimated reserves of over 14 milliardar fat med råolje og 710 km³ med gass. Saudi Aramco sette prosjektet i drift i 1998. Oljereservoaret ligg 1494 meter under overflata og er 122 meter tjukt. Oljerøyrleidninga frå Shaybah-feltet til Abqaiq er 638 km lang og 735 km lang med røyra innafor sjølve feltet.
Vêret i Shaybah er ekstremt med temperaturar som fell til 10 ºC om natta på vinteren til 50 ºC på dagen om sommaren. Her er ofte sandstormar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shaybah oil field» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: