Hopp til innhald

Saratov oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saratov oblast
Саратовская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Povolzjyje
Del av Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Saratov
Areal 100 830 km²
Folketal 2 395 111 (1. januar 2021)
Språk russisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
Bilnummer 64
Kart
Saratov oblast
51°47′00″N 46°44′00″E / 51.783333333333°N 46.733333333333°E / 51.783333333333; 46.733333333333
Wikimedia Commons: Saratov Oblast

Saratov oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Saratov, arealet er 100 830 km² og innbyggjartalet er 2 395 111 (2021).

Brua over Volga, frå Saratov til Engels.

Provinsen ligg i søraust på den austeuropeiske sletta, ved det nedre løpet til Volga. I søraust grensar han til Kasakhstan. Volga deler provinsen i ein austleg og ein vestleg del. Den vestlege delen er for det meste åslandskap, som hevar seg til 370 meter over havet. I vest ligg Oka-Don-sletta. Den austlege delen er store slettelandskap, som i søraust går over i Den kaspiske depresjonen. Volga sitt løp gjennom Saratov oblast er 420 kilometer langt. Andre elver er Khoper, Medveditsa og Bolsjoj Irgiz. Over 80 % av arealet er oppdyrka steppe, om lag 5 % er skogkledd. Det finst olje og gass her. Middeltemperaturen i januar er –12 grader celsius, i juli 23 grader celsius.

Folketalet i Saratov oblast er minkande. Frå 2002 til 2010 gjekk det ned 5,5 %, frå 2 668 310 til 2 522 900. 74,5 % av folket bur i byar. Dei største byane er Saratov (837 900 ib.), Engels (202 400) og Balakovo (199 700).[1]

Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske fordelinga:[1]

Landsbygd i Saratov oblast.

Dei eldste kjende folkeslaga i området var tyrkiske stammefolk. På 1200-talet kom området under mongolsk herredøme. På 1400-talet vart det del av det mongolske Astrakhan-khanatet. I 1556 vart dette khanatet erobra av Russland, og vart grenseland mot kasakhane. I 1590 vart Saratov grunnlagd som ei festning, midtvegs mellom dei nye festningane Samara og Tsaritsyn (no Volgograd), for å trygga kontrollen over dei nyerobra områda. På 1600-talet vart området busett av russarar. På slutten av 1700-talet kom òg mange tyske innvandrarar hit, etter at tsarina Katarina II hadde invitert dei til å busetja seg i Russland. Saratov vart sentrum for ein eigen provins i 1797.

Under den russiske revolusjonen fekk bolsjevikane makta i Saratov allereie i oktober 1917. Saratov kraj vart oppretta 10. januar 1934, og omgjort til Saratov oblast den 5. desember 1936. Områda rundt Volga i sør i provinsen var frå 1924 del av Den volgatyske autonome sovjetrepublikken, der volgatyskarar utgjorde to tredelar av folket. Då Tyskland invaderte Sovjetunionen i 1941 vart den autonome republikken oppløyst og delt mellom Saratov oblast og Stalingrad oblast. Volgatyskarane vart deporterte til Kasakhstan og Sibir. Tyskarar utgjorde i 2002 berre 0,5 % av folketalet i Saratov oblast - om lag 12 000 menneske. Under den andre verdskrigen vart mykje industri evakuert til Saratov oblast frå dei vestlege delane av Sovjetunionen.

Saratov oblast er ein av provinsane som har fått ein ny guvernør utnemnd av president Putin, etter at lova vart endra slik at guvernørane ikkje lenger er folkevalde. Den førre guvernøren, Dmitrij Ajatskov, vart erstatta den 3. april 2005 av Pavel Ipatov, direktøren for atomkraftverket i Balakovo. Ipatov er medlem av Putin sitt parti, Sameint Russland.

  1. russisk Саратовская область Saratovskaja oblast
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Saratov oblast