Samanliknande mytologi
Utsjånad
Samanliknande mytologi er studie av mytologiar og mytebruk frå ulike kulturar som filosofisk, psykologisk, religiøst eller filologisk fenomen. Vitskapsgreina voks fram på 1800-talet saman med andre former for samanliknande studium av språk, historie og filologi.
Viktige namn innan dette feltet er Friedrich Max Müller, Mircea Eliade, Carl Jung og Joseph Campbell, medan Jaan Puhvel, Georges Dumézil og J.P. Mallory har brukt samanliknande mytologi innan større studium av indoeuropeisk språk og kultur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «myth», Encyclopædia Britannica, Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011
- David Leeming (2004), «Comparative mythology», The Oxford Companion to World mythology, Oxford University Press