Sam Bush
Sam Bush | |||
Sam Bush i juni 2012. | |||
Fødd | 13. april 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bowling Green i Kentucky i USA | ||
Fødenamn | Charles Samuel Bush | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1963 | ||
Sjanger | Progressiv bluegrass | ||
Instrument | Mandolin, fele, banjo, gitar | ||
Tilknytte artistar | Bluegrass Alliance, New Grass Revival, Strength in Numbers, Nash Ramblers, Telluride House Band, Pete Wernick, Bela Fleck | ||
Plateselskap | Flying Fish, Sugar Hill, Ridge Runner | ||
Verka som | Musikar, songar | ||
Prisar | Americana Lifetime Achievement Award for Instrumentalist |
Charles Samuel Bush (fødd 13. april 1952) er ein USA-amerikansk mandolinist som vert rekna som opphavet til musikksjangeren progressiv bluegrass. I 2020 vart han innlemma i International Bluegrass Music Hall of Fame som medlem av New Grass Revival.
I lag med gitaristen Wayne Stewart, mentoren og musikklæraren hans i tenåra, og banjospelaren Alan Munde spelte han inn eit instrumentalt album, Poor Richard's Almanac, i 1969.[1] Våren 1970 deltok Bush på Fiddlers Convention i Union Grove i Nord-Carolina , og vart inspirert av den rockedominerte progressive bluegrass-stilen til New Deal String Band.[2] Seinare det året flytta han til Louisville og vart med i Bluegrass Alliance. Hausten 1971 vart bandet oppløyst og kom saman att som New Grass Revival.[3]
The New Grass Revival hadde store utskiftingar i besetninga, med Bush som det einaste faste medlemmet. Bassisten og vokalisten John Cowan kom med i 1974, med banjovirtuosen Béla Fleck og den akustiske gitaristen Pat Flynn i 1981. Frå 1979 til 1981 turnerte gruppa med Leon Russell, og var opp på konsertane hans.[4]
Frå og med 1980 spelte Bush og Cowan ofte i lag i Duckbutter Blues Band. Bush spelte inn det første soloalbumet sitt, Late as Usual, fire år seinare. I 1989 spelte Bush og Fleck i lag med Mark O'Connor, Jerry Douglas og Edgar Meyer i bluegrassbandet Strength in Numbers på Telluride Bluegrass Festival i Colorado. Då New Grass Revival vart oppløyst i 1989, byrja Bush å spele med Emmylou Harris sitt Nash Ramblers, for dei neste fem åra.
I 1995 arbeidde Bush ved sidan av Lyle Lovett og Bela Fleck sitt Flecktones. Han skipa sitt eige band, med Cowan og dei tidlegare Nash Ramblers-medlemmane Jon Randall og Larry Atamanuick, kort tid før han spelte inn det andre soloalbumet sitt, Glamour & Grits, i 1996. Han gav ut det neste albumet sitt, Howlin' at the Moon, i 1998, med mange av dei same musikarane og andre gjesteartistar, som Harris, Fleck og J.D. Crowe.
Bush har halde fram å gje ut soloalbum inn på 2000-talet.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]År | Album | Listeplasseringar | Selskap | ||
---|---|---|---|---|---|
US Bluegrass | US Country | US Heat | |||
1977 | Together Again For The First Time (med Alan Munde) | — | — | — | Ridge Runner |
1985 | Late as Usual | — | — | — | Rounder |
1996 | Glamour & Grits | — | — | — | Sugar Hill |
1998 | Howlin' at the Moon | — | — | — | |
2000 | Ice Caps: Peaks of Telluride | — | — | — | |
2003 | Hold On, We're Strummin' (med David Grisman) | 7 | — | — | Acoustic Disc |
2004 | King of My World | 2 | 64 | — | Sugar Hill |
2006 | Laps in Seven | 2 | — | — | |
2009 | Circles Around Me | 3 | — | 47 | |
2016 | Storyman | 3 | — |
Andre prosjekt
[endre | endre wikiteksten]- Drive – Béla Fleck – Rounder Records 1988
- The Telluride Sessions av supergruppa Strength in Numbers – MCA 1989
- Short Trip Home – Sony Classical 1999
- (Edgar Meyer & Joshua Bell med Sam Bush og Mike Marshall)
- Bluegrass Mandolin Extravaganza – Acoustic Disc 1999
- (med David Grisman, Ronnie McCoury, Jesse McReynolds, Ricky Skaggs, andre)
- The Bluegrass Sessions – Béla Fleck – Warner Bros. 1999
- Soulgrass – Bluegrass and Jazz Fusion 2005
- Goin' Home: A Tribute to Fats Domino 2007, spelte «Rising Sun» med Marc Broussard
New Grass Revival
[endre | endre wikiteksten]- New Grass Revival (Hollywood, 1972)
- Fly Through the Country (Flying Fish, 1975)
- When the Storm Is Over (Flying Fish, 1977)
- Too Late to Turn Back Now (Flying Fish, 1977)
- Barren County (Flying Fish, 1979)
- Leon Russell & New Grass Revival (Paradise, 1981)
- Commonwealth (Flying Fish, 1981)
- On the Boulevard (Sugar Hill, 1984)
- Live in Toulouse (Sugar Hill, 1984)
- New Grass Revival (Capitol, 1986)
- Hold to a Dream (Capitol, 1988)
- Friday Night in America (Capitol, 1989)
- When the Storm Is Over/Fly Through the Country (Flying Fish, 1992)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sam Bush» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Fabian, Shelly. «Sam Bush: A King of Acoustic Music». Henta 26. oktober 2020.
- ↑ Harris, Craig. «Sam Bush Biography». Allmusic.com. Henta 26. oktober 2020.
- ↑ Hartman, Gary S (2008). «Bluegrass Alliance». Arkivert frå originalen 5. juli 2008. Henta 26. oktober 2020.
- ↑ Nager, Larry (December 2009). «Sam Bush – Looking For That Joyful Noise». Bluegrass Unlimited (Warrenton, Virginia). ISSN 0006-5137. Arkivert frå originalen 30. mars 2016. Henta 26. oktober 2020.