Safonovo
Safonovo Сафоново | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | [[{{{føderasjonssubjekt}}}]] | |
Først nemnd i Bystatus |
1859 1952 | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
29,58 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
44 600 1 507,8 /km² | |
Koordinatar | 55°06′N 33°15′E / 55.100°N 33.250°E | |
Høgd over havet | 213 moh. | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 48142 | |
Bilnummer | 67 | |
Nettstad: admin.smolensk.ru/~safon |
Safonovo (russisk Сафо́ново) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vopets, ei sideelv til Dnepr, 90 km nordaust for Smolensk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen Safonovo vart første gong nemnd i 1859. Staden utvikla seg som ein arbeiderbusetnad ved Moskva – Minsk-jernbanen. På 1930-talet vart det oppdaga store reservar med brunkol i området og ei gruve vart opna. I 1938 fekk landsbyen status som urbanliknande busetnad og han fekk bystatus i 1952.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]I byen finst kjemisk industri og verksemder innan maskinbygging, elektroteknikk og materialteknologi.
Av dei største verksemdene er Safonovo Fabrikk for Elektriske Maskiner (russisk: Сафоновский электромашиностроительный завод) — ein produsent av kraftige (30 til 2000 kW) elektromotorar og generatorar og PO Avangard — ein viktig produsent av produkt laga av karbonfiber- og glassfiber-armert plast.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Safonovo.ru (russisk)