Søndre Høland kyrkje
Søndre Høland kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Østre Borgesyssel | ||
Sokn | Søndre Høland | ||
Fellesråd | Aurskog-Høland | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Anders Haneborg e. Christian H. Grosch | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1866 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | Kleberstein | ||
Altartavle | Christen Brun e. Adolph Tidemand | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
Søndre Høland kyrkje 59°43′03″N 11°26′55″E / 59.717573°N 11.44856889°E | |||
Wikimedia Commons: Søndre Høland kirke |
Søndre Høland kyrkje er ei krosskyrkje i tre i Aurskog-Høland kommune, Viken fylke. Dette er den tredje kyrkja på Hemnes. Dei to tidlegare kyrkjene stod nordvest for tettstaden.
Kyrkja vart oppført i 1865–66 av byggmeistrane Gulbrand Johnsen og Andreas Sand på grunnlag av teikningar utarbeida av Anders Haneborg. Haneborg tok utgangspunkt i Båstad kyrkje, som er teikna av Christian H. Grosch.
Biletet i altartavla er måla av Christen Brun i kopi etter Adolph Tidemand, og motivet er hans populære bilete av oppstoda frå Bragernes kyrkje i Drammen. Klebersteinsdøpefonten vart tidlegare brukt i gamlekyrkja. Eit orgel av Amund Eriksen frå 1866 vart bygd om av Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk i 1965.[1]
På kyrkjegården står eit gravkapell frå 1924.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kolnes, Stein Johannes (1987). Norsk orgelkultur : instrument og miljø frå mellomalderen til i dag. Oslo: Samlaget. s. 182. ISBN 8252129226.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sigrid og Håkon Christie: Søndre Høland (Hemnes) kirke i «Norges kirker»
- Rasmussen, Alf Henry (1993). «Søndre Høland kirke, Hemnes». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 655. ISBN 82-75-27022-7.
- Søndre Høland kirke på Kyrkjesøk
- Søndre Høland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren