Rune J. Svendsen
Utsjånad
Rune J. Svendsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mars 1976 (48 år) Drammen kommune |
Yrke | grafikar |
Rune Johan Svendsen (fødd 17. mars 1976), også kjent under psevdonymet Jedychan (Jedy), er ein norsk graffitikunstnar bosatt i Bergen og med atelier i Ytre Arna.
Svendsen er fødd i Drammen. Han har jobba som kunstnar sida 1995.[1] Frå 2005 til 1. september 2008 hadde han atelier i «Trykkeriet» i Vaskerelven i Bergen sentrum.[2] Han har utsmykka inngangspartiet ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen, og er ein av tre kunstnarar som har utsmykka Georg Johannesens plass.[3]
Svendsen har fleire gonger uttala seg i pressa angåande graffiti og graffitimiljøet i Bergen.[4][5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://nyheter.uib.no/?modus=vis_nyhet&id=37859
- ↑ http://www.billedkunstmag.no/Content.aspx?contentId=1458[daud lenkje]
- ↑ http://nyheter.uib.no/?modus=vis_nyhet&id=40287
- ↑ http://www.bt.no/lokalt/bergen/article427837.ece
- ↑ http://www.bt.no/bergenpuls/kultur/article383398.ece