Rubycon av Tangerine Dream
Rubycon Studioalbum av Tangerine Dream | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 21. mars 1975 | |
Innspelt | Januar 1975 | |
Studio | The Manor, Shipton-on-Cherwell | |
Sjanger | ||
Lengd | 34:53 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Tangerine Dream | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
Phaedra (1974) |
Rubycon | Ricochet (1975)
|
Rubycon er det sjette studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i 1975.[1] Det vert ofte trekt fram som eit av dei beste albuma deira. Rubycon utforskar vidare den analoge sekvenserbaserte stilen innan Berlin-skulen dei hadde starta med på tittelsporet frå Phaedra.
Sjølv om det ikkje selde like bra som Phaedra, nådde Rubycon høgare opp på den britiske salslista med ein 10. plass.[2]
Musikk
[endre | endre wikiteksten]Albumet består av to lange spor, som kvar er over 17 minuttar lange. «Rubycon, Part One» utgjer A-sida av plata og «ebbar og flyt gjennom tette bølgjer av ekko og Mellotron-kor, medan primitive sequencer-linjer bobler til overflata».[3] B-sida «Rubycon, Part Two», «opnar på ein vedunderleg stemningsskapande måte» før «synthesizer-arpeggioar kjem attende for å drive det heile vidare».[3]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Head Heritage | positiv[4] |
Tom Moon tok med Rubycon i boka si 1,000 Recordings to Hear Before You Die frå 2008 og sa: «Denne seglande lydvisjonen, som stadig utfoldar seg, men som aldri heilt når fram, har blitt etterlikna i det uendelege sidan 1975. Men på ein eller annan måte har ikkje ovundrarane klart å fange openheita og den fjerne stordomen til Tangerine Dream.»[5]
I boka Digital Gothic: A Critical Discography of Tangerine Dream frå 1997 hylla journalisten Paul Stump albumet og skreiv: «Rubycon er rett og slett ei forbetring av føregangaren—men teken til det ypparste, og demonstrerer atdei meistrar primitiv teknologi på ein fantastisk dristig og uthaldande måte med rein kunstnarisk visjon. Det er truleg det beste albumet bandet laga…»[6]
Turné
[endre | endre wikiteksten]Etter albumet kom ut vart Moog synthesizeren til Christopher Franke øydelagd under transport og Franke sjølv mista nesten livet då han fekk elektrisk støyt.[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Rubycon, Part One» | 17:18 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
2. | «Rubycon, Part Two» | 17:35 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Edgar Froese - mellotron, gitar og VCS 3 synthesizer på «Rubycon, Part One» ; orgel, mellotron, gitar, gong og VCS 3 synththesizer på «Rubycon, Part Two»
- Christopher Franke - dobbel Moog synthesizer, Synthi A, orgel, modifisert Elka-orgel og handsama piano på «Rubycon, Part One» ; dobbel Moog synthesizer, gong, Synthi A og orgel på «Rubycon, Part Two»
- Peter Baumann - orgel, EMS Synthi A, elektrisk piano (Fender Rhodes) og handsama piano på «Rubycon, Part One» ; elektrisk piano (Fender Rhodes), orgel, EMS Synthi A, røyst og ARP 2600 på «Rubycon, Part Two»
- Teknisk
- Monique Froese – fotografi
- Mick Glossop – lydteknikar
- Roland Paulick – teknisk assistent
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rubycon (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Berling, Michael. «Rubycon». Voices in the Net. Henta 9. april 2013.
- ↑ «Tangerine Dream - Rubycon». Chart Stats. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 9. april 2013.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Swan, Glenn. Rubycon av Tangerine Dream på Allmusic
- ↑ «Julian Cope Presents Head Heritage | Unsung | Reviews | Tangerine Dream – Rubycon». February 2010.
- ↑ Moon, Tom (2008). 1,000 Recordings to Hear Before You Die: A Listener’s Life List. New York: Workman Publishing Company. s. 762. ISBN 076113963X.
- ↑ Stump, Paul (1997). Digital Gothic: A Critical Discography of Tangerine Dream. Trowbridge: SAF Publishing Ltd. s. 67. ISBN 0946719187.
- ↑ Prendergast, Mark (1994). «Tangerine Dream: Changing Use of Technology, Part 1: 1967-1977». Sound On Sound. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 8. juli 2020.