Hopp til innhald

Redningsselskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Redningsselskapet

TypeHumanitær medlemsorganisasjon
Org.nummer954 360 709
Skipa9. juli 1891
GrunnleggjarOscar Tybring
HovudkontorLysaker
GeneralsekretærRikke Lind
MisjonRedde liv, drive førebyggjande arbeid og berge verdiar på sjøen
Frivillige4 200
Tilsette197 sjøtilsette og 83 årsverk på land
Medlemmer111 342
MottoIngen skal drukne
Nettstadhttps://www.redningsselskapet.no/
RS 5 «Liv», den første av det Colin Archer kalla ei ideell redningsskøyte. Skøyta berga 132 menneske frå den visse død i løpet av si tenesteperiode frå 1894 til 1932.

Redningsselskapet, opphavleg Norsk Selskap til Skibbrudnes Redning, er ein norsk humanitær medlemsorganisasjon med målsetjing om å redde liv, drive førebyggjande arbeid og berge verdiar på sjøen. Visjonen til Redningsselskapet er «Ingen skal drukne».[1]

Redningsselskapet er utgjevar av eitt av dei største fagblada i Noreg, RS-Magasinet, med 99 400 i opplag, fire gongar i året.[2]

Redningsarbeidet

[endre | endre wikiteksten]

Det operative arbeidet går føre seg først og fremst gjennom drift av landets redningsskøyter, som kvart år hjelper over 20 000 menneske. I 2017 redda mannskapet på redningsskøytene 35 menneskeliv i Noreg, i tillegg til at 111 fartøy vart berga.[3]

Redningsselskapet har 54 operative redningsskøyter langs kysten, samt på innsjøane Femunden og Mjøsa. Halvparten av desse er bemanna av profesjonelle sjøtilsette som er i beredskap døgnet rundt, heile året, medan den andre halvparten er drifta av sjøredningskorps og bemanna av frivillige.[3]

Totalt gjennomførte redningsskøytene 7869 oppdrag i 2017. Det er store geografiske skilnadar i oppdragsmengde. Oppdraga i sør er dominert av fritidsfartøy, medan det i nord er flest oppdrag knytt til nytte- og passasjerfartøy. Til sjøs er Redningsselskapet den primære ressursen ved søk og redning. 80 % av alle sjøredningsoppdrag kanalisert gjennom dei to hovedredningssentralane i Bodø og på Sola vart utført av Redningsselskapet i 2017.[3]

Skøytestasjonar med fast bemanna redningsskøyte[3][4]

[endre | endre wikiteksten]
RS «Idar Ulstein», første fartøy i Ulstein-klassen, med fast mannskap og stasjon i Fosnavåg.

Frivillige sjøredningskorps[3][4]

[endre | endre wikiteksten]
RS «Uni Kragerø», Bergesen-klasse, med mannskap frå sjøredningskorpset i Kragerø.

Redningsskøytene

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Norske redningsskøyter.

I alt 164 redningsskøyter er bygd.[4] Colin Archer designa den første klassa med redningsskøyter med segl som einaste framdriftsmiddel. Seinare vidareførte Bjarne Aas tradisjonen samtidig som skøytene fekk motor i tillegg til segl.[5]

I dag er alle tradisjonelle skøyter og kryssarar teke ut av teneste og erstatta av hurtiggåande fartøy med skrog i aluminium eller glasfiber/karbonfiber-sandwich, men fartøya vert framleis kalla redningsskøyter.[6]

Redningsskøyter med fast mannskap[7]
[endre | endre wikiteksten]
Klasse Lengd Framdrift Maskinkraft Slepekraft Tal på fartøy
Fosen 23-25 meter Vribart propellanlegg 4000 hk 23 tonn 6
Von Koss 23 meter Vribart propellanlegg 4000 hk 12 tonn 2
Ulstein 22 meter Vannjett 4000 hk 12 tonn 3
Emmy Dyvi 20 meter Vribart propellanlegg 2600 hk 10 tonn 2
Skomvær 20-21 meter Vribart propellanlegg 2000-2800 hk 10 tonn 5
P.C.G. Sundt 17 meter Vannjett 2000 hk 6 tonn 7
Fartøy med frivillig mannskap[4]
[endre | endre wikiteksten]
Klasse Lengd Framdrift Maskinkraft Slepekraft Tal på fartøy
Bergesen 14 meter Vannjett 1000 hk 3 tonn 8
Staff 13 meter Vannjett 1000 hk 3 tonn 4
Simrad 12 meter Vannjett 680 hk 2 tonn 15
Vekteren 11 meter Vannjett / påhengsmotor 300-500 hk 1 tonn 2
Andre 9 meter - - - 1

Ambulansebåtar

[endre | endre wikiteksten]
Ambulansebåten «Eyr Ytterholmen»

Redningsselskapet har fire reine ambulansebåtar i Helgeland og Nordland. Fartøya «Eyr Bremstein», «Eyr Myken» og «Eyr Ytterholmen»[4] har kontrakt med Helgelandsykehuset, og er stasjonert på høvesvis Vega, Rødøy og Bjørn[8], medan «Eyr Åsvær»[4] er på kontrakt for Nordlandssykehuset og er stasjonert på Ørnes[9].

Førebyggjande arbeid

[endre | endre wikiteksten]

Det førebyggjande arbeidet skjer i hovudsak gjennom RS Frivillig Land (omlag 1000 frivillige) og ungdomsorganisasjonen RS Ung (omlag 2000 medlemmar fordelt på 36 lag).[3][10] Frivillige på land hjelper mellom anna til med gjennomføring av sommarskular, ungdomsleir og seglasar for barn og unge, bidreg på arrangement og til gjennomføringa av ulike kurs, samlar inn pengar, samt vedlikehald av basar og utstyr.[11]

Redningsselskapet står mellom anna bak arrangementet «Forebyggende seilas» for 5. til 7. klassetrinn. Med økonomisk støtte frå Sjøfartsdirektoratet, lokalt samarbeid med brannvesen, politi, helsevesen og andre aktørar, vert det tilbode ein dag med læring innan førebygging. I 2017 deltok 8406 born frå skular i heile landet. «Forebyggende seilas» går ut på å gi borna ein heil skuledag med sjøvit, brannkunnskap og førstehjelp.[3]

Organisering

[endre | endre wikiteksten]
Generalsekretær Rikke Lind.

Redningsselskapet er organisert som ein frivillig humanitær organisasjon, eigd av medlemmane og styrt gjennom lokalforeninger, distriktsårsmøte og representantskapsmøte som peikar ut eit sentralstyre. Den daglege drifta av Redningsselskapet vert leia av generalsekretæren og hennar leiargruppe. [12] Rikke Lind tok 6. august 2012 over som generalsekretær etter Øyvind Stene.

Organisasjonen hadde 111 342 medlemmar i januar 2018. Av desse var 94 000 såkalla Totalmedlemmar.[10]

Representantskapet er det høgaste organet i organisasjonen og har som hovudoppgåve å velje sentralstyre og fastsette organisasjonen sine vedtekter. Representantskapsmøtet vert heldt i juni kvart år. Her møter 24 representantar frå dei 12 ulike distrikta, 12 representantar frå 11 brukarorganisasjonar og to tilsettrepresentantar. President, og leiar for sentralstyret er Nicolai Jarlsby.[13]

Redningsselskapet har sitt hovudkontor på Lysaker i Oslo og har fem regionkontor (Nord, Sør, Aust, Vest og Midt-Noreg).[12]

Finansiering og økonomi

[endre | endre wikiteksten]

Redningsselskapet vert drive ved hjelp av medlemsinntekter, donasjonar, innsamla midlar, operasjonelle inntekter, tippemidlar, samt offentlege tilskot. Samla var organisasjonen sine inntekter i 2018 på 682 MNOK, der offentlege tilskot utgjorde 121 MNOK og tippemidlar utgjorde 155 MNOK. 404 MNOK gjekk til drift av redningsskøyter, 33 MNOK til drift av ambulansefartøy, medan resterande kostnadar på 239 MNOK gjekk til førebyggjande aktivitetar, anskaffing av midlar og administrasjon.[14]

Organisasjonen forvaltar eitt eige fond med namnet Sjøredningsfondet, som vart etablert for å sikre ein føreseieleg økonomi i organisasjonen. Avkastninga i Sjøredningsfondet vert nytta til investeringar, primært oppgradering av eksisterande flåte og byggjing av nye fartøy. Ved utgangen av 2018 hadde Redningsselskapet 716 millionar kroner til forvaltning i fondet.[14]

Av organisasjonen sine samla kostnadar går 79,8% til formålsaktivitetar. Administrasjonsprosenten er 4,3%.[14]

Kvart år bergar Redningsselskapet liv og verdiar for to milliardar kroner.[3]

Skipinga av Redningsselskapet

[endre | endre wikiteksten]

I 1882 var legen Oscar Tybring vitne til eit dramatisk forlis utanfor Smøla der mange sjøfolk omkom. Dette dreiv han til å ta initiativ til eit norsk redningsvesen slik dei fleste europeiske kystnasjonar allereie hadde etablert. Han reiste for eigen kostnad utanlands og studerte redningssaka. Han tala og skreiv, og utarbeidde planar for korleis han meinte det måtte gjerast i Noreg.

Trass i sitt engasjement, og tal som viste at over 700 fiskarar kvart år omkom på sjøen, møtte Oscar Tybring motbør. Mange meinte at det ikkje ville være mogleg å berge nokon langs kysten på grunn av krevjande forhold, at forlis skjedde fort, og at kostnaden ville bli for høg. Det var først når Tybring fekk med seg «Fram» sin byggmeister Colin Archer og admiral Johan Kren at redningssaka gjorde framsteg.

Etter nok ein vinter med mange omkomne på havet, tok Heinrich Scheller i Christiania Kjøbmandsforening opp saka i si foreining der han tala for redningssaka. Ein arbeidskomité vart sett ned, og etter ei større innsamling vart Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning skipa 9. juli 1891.[15]

RS 41 «Christian Bugge» med skipper John Bakken vert hylla ved ankomst Kristiansund etter Rokta-forliset.
  • 1891: Redningsselskapet vert skipa
  • 1893: Dei første redningsskøytene vert sett på sjøen
  • 1894: Redningsdåden i Hamningberg der 36 menneske vert redda i storm av redningsskøyta «Colin Archer». Redningsforeiningar vert skipa over heile landet, og redningssaka får vind i segla.
  • 1895 - 1897: Mislukka forsøk med motor
  • 1900: 900 liv redda på sju driftsår
  • 1908: Ny skøytekonstruksjon frå Colin Archer, tilpassa seinare motorinstallasjon
  • 1930: Første redningsskøyte med motor
  • 1938: Mannskapet på RS «Christian Bugge» og lokale fiskarar bergar halvparten av mannskapet på dampskipet «Rokta» i ein dramatisk redningsaksjon som er send direkte på radio
  • 1949: Første havgåande redningskryssar vert sett på sjøen
  • 1956: Første stålskøyte vert sett på sjøen
  • 1968: RS 75 «Sjøfareren» på 92 fot vert sett på sjøen, den største redningsskøyta så langt
  • 1969: Redningsskøytene startar med froskemannsoppdrag
  • 1973: Første hurtiggåande redningsskøyte vert bygt
  • 1974: Redningsselskapet startar med heilårsdrift og mannskapet vert tilsett på heiltid
  • 1992: Redningsselskapet er 100 år, og så langt er 5 301 menneskeliv redda, og 1 780 fartøy berga
  • 1996: Første frivillige sjøredningskorps vert etablert
  • 2008: Redningsselskapet skipar Sjøredningsskolen i Stavern for å utdanne redningsmenn og -kvinner
  • 2009: RS Ung for ungdom mellom 14 og 25 år vert etablert
  • 2013: Redningsselskapet lanserer ny visuell profil og vert nominert til Hedersprisen for god design[17]
  • 2015 - 2017: Redningsselskapet deltek i Frontex-operasjonen Poseidon i Hellas, og mottok ei rekkje prisar for dette, mellom annet Humanistprisen 2016[18], Årets navn (VG) 2016[19] og Politiets medalje for internasjonal tjeneste (2016 og 2017)[20].
  • 2018: Redningsselskapet sin høge beskyttar kong Harald åpna organisasjonen sin nye heim og senter for sjøsikkerheit og maritim kompetanse, RS Noatun. Senteret er lokalisert på Langgrunn utanfor Horten og er den største enkeltinvesteringa i Redningsselskapet si historie.[21]

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Vår visjon». Redningsselskapet. Henta 20.08.2017. 
  2. ««Opplag 10 største fagblader - Medienorge - fakta om norske massemedier - statistikkmeny»». Medienorge. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 «Årsrapport 2017» (PDF). Redningsselskapet. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 «Redningsskøytene». 
  5. «Vår historie». Redningsselskapet. 
  6. «Skøyteklasser». Redningsselskapet. 
  7. «Skøyteklassene - Redningsselskapet». Redningsselskapet (på norsk bokmål). Henta 11. august 2017. 
  8. «Ambulanse - bil og båt», Helgelandssykehuset (på norsk), arkivert frå originalen 28. mars 2019, henta 28. mars 2019 
  9. «Ambulansetjenesten», Nordlandssykehuset (på norsk), henta 28. mars 2019 
  10. 10,0 10,1 Blich, Vibeke (18. januar 2018), «Over 50.000 nye medlemmer for Redningsselskapet - Skipsrevyen.no», www.skipsrevyen.no (på norsk bokmål), henta 6. mars 2019 
  11. «Frivillig på land», Redningsselskapet (på norsk bokmål), henta 6. mars 2019 
  12. 12,0 12,1 «Organisasjon». Redningsselskapet. 
  13. «Årsrapport 2016» (PDF). Redningsselskapet. Henta 10.08.2017. 
  14. 14,0 14,1 14,2 «Redningsselskapet Årsrapport 2018» (PDF). 
  15. Holtvedt, Reidar; Redningsselskapet (1961), Norsk selskab til skibbrudnes redning: Redningsselskapet 1891-1961, s.n., henta 7. mars 2019 
  16. «Redningsselskapets historie», Redningsselskapet (på norsk bokmål), henta 7. mars 2019 
  17. «Redningsselskapet – Hederspris-nominert - Norsk design- og arkitektursenter», web.archive.org, 11. august 2017, arkivert frå originalen 11. august 2017, henta 7. mars 2019 
  18. «– Vi er stolte av at HEF ser jobben vi gjør», human.no (på norsk), henta 7. mars 2019 
  19. «VG mener: Et flott valg av VGs lesere», www.vg.no (på norsk), henta 7. mars 2019 
  20. «Fikk politiets medalje for redningsinnsatsen i Hellas | Redningsselskapet», www.ntbinfo.no (på norsk), henta 7. mars 2019 
  21. «H.M. Kong Harald er til stede ved åpningen av Redningsselskapets nye maritime senter i Horten. | Redningsselskapet», www.ntbinfo.no (på norsk), henta 7. mars 2019 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]