Rathlin
Rathlin Lokalt namn Reachlainn | |
---|---|
Sørenden av Rathlin med Fear Head i bakgrunnen. | |
Geografi | |
Stad | Irskesjøen |
Koordinatar | 55°17′N 06°11′W / 55.283°N 6.183°W
|
Administrasjon | |
Land | Nord-Irland |
Grevskap | Antrim
|
Demografi | |
Folketal | 75
|
Rathlin (irsk Reachlainn) er ei øy utanfor kysten av County Antrim i Nord-Irland og er det nordlegaste punktet i Nord-Irland. Ho ligg 10 km frå fastlandet og er den einaste busette øya utanfor Nord-Irland og den nordlegaste busette øya på irskekysten. Øya er forma som ein L og er 7 km frå aust til vest og 4 km frå nord til sør. Øya ligg berre 25 km frå Mull of Kintyre, sørenden på Kintyrehalvøya i Skottland.
Øya har ferjesamband frå Church Bay til Ballycastle på fastlandet, som ligg 10 km unna.
Natur
[endre | endre wikiteksten]Rathlin er ein av 43 spesielt verna område i Nord-Irland. Her finn ein store koloniar med sjøfugl, inkludert krykkje, lundefugl og alke. Klippene på øya er 70 meter høge .
Historie
[endre | endre wikiteksten]I følgje Ulster-annalane var Rathlin den første irske øya som vart plyndra av vikingane då kyrkja og bygningar på øya vart brend i 795.
Rathlin var åstad for ein massakre i juli 1575 då jarlen av Essex sende ein styrke til øya leia av Francis Drake og John Norreys. Engelskmenna tok livet av hundrevis av kvinner og born i MacDonnell-klanen som heldt til her.[1]
Det første kommersielle trådlause telegrafsambandet i verda vart oppretta mellom East Lighthouse på øya til Kenmara House i Ballycastle den 6. juli 1898.[2]
Tidlegare hadde øya rundt tusen innbyggjarar, men i dag er det berre 75 fastbuande att. Det kjem derimot mange folk til øya om sommaren og dei fleste kjem for å sjå klippene og den store bestanden av sjøfugl.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Øya sett frå Torr Head med Fair Head til venstre
-
Landsatbilete frå NASA med falske fargar som viser Rathlin, kysten av Antrim og Kintyre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rathlin Island» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ John Sugden, "Sir Francis Drake", Touchstone-book, Simon+Schuster, New York, ISBN 0-671-75863-2
- ↑ northantrim.com Arkivert 2008-12-31 ved Wayback Machine. - Guglielmo Marconi 1874-1937
- Kultur i Nord-Irland Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.