Rømskog kyrkje
Utsjånad
Rømskog kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Østre Borgesyssel | ||
Sokn | Rømskog | ||
Fellesråd | Aurskog-Høland | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1270 | ||
• Endringar | 1723, 1799, 1853 og 1892 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Eik, 1617 | ||
Døypefont | Ca. 1700 | ||
Altartavle | Krusifiks av Audun Bødtker, 1953 | ||
Sitjeplassar | 150 | ||
Rømskog kyrkje 59°43′37″N 11°48′59″E / 59.72705°N 11.816525°E | |||
Wikimedia Commons: Rømskog kirke |
Rømskog kyrkje er ei langkyrkje i Aurskog-Høland kommune, Viken fylke.
Ei stavkyrkje på staden er nemnt første gong i 1369, men vart truleg bygd om lag hundre år tidlegare. I 1723 fekk kyrkja eit lafta kor, og i 1799 vart skipet erstatta med eit skip i lafteverk. Også sidan har kyrkja vore gjenom fleire ombyggingar og vølingar. I 1952–1957 vart ho restaurert utvendig og innvendig. Tårnet er frå 1892.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Christie, Sigrid og Håkon (1959). Norges kirker. Østfold II. Oslo: Riksantivariatet / Land og Kirke. s. 70-75.
- Rasmussen, Alf Henry, red. (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 675. ISBN 82-75-27022-7.
- Kyrkjesøk – Rømskog kirke
- Rømskog kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.