Råsegl
Eit råsegl er eit firkanta segl som har overkanten festa i ei rå. Ei rå er ei horisontal stong som er hengd opp i masta, eller somme tider fastmontert på masta.
Osebergskipet er det eldste skipet i Norden ein sikkert kan seie hadde segl. Det hadde råsegl på ei mast.[1]
Einmasta farkostar
[endre | endre wikiteksten]Råseglet var lenge dominerande på skip og båtar. Det kunne ha noko ulik utforming. Dei fleste har tilnærma hatt form som eit rektangel, andre har vore trapesforma. Det har og vorte brukt asymmetrisk råsegl.
Seglet vert heist på ei rå i toppen av ei pålemast, ei mast laga av ein stokk. Ved hjelp av eit stag, som går frå mastetoppen til baugen på båten, og vant som går til sidene, vert masta halda oppreist. Øvst i masta er eit hol, fløyten, eller hornbora. Gjennom det går eit tau, draget, som ein heiser seglet med. Draget vert gjerne festa til råa med ein eigen dragknute eller eit tømmerstikk.
Dimensjonen på råa varierar sterkt etter båtstorleik,men er til vanleg litt lenger enn båten er brei. Ho er ei stang som er laga av same tresort som masta. Råa er som regel rund, tjukkast på midten, og tynnare mot endane, rånokkane. [2]
I øvre kant av råseglet er ei rad med råband som ein knyter seglet fast til råa med. Til det er det vanleg å bruke råbandsknutar (båtsmannsknop). Ein rakke held råa inn til masta. Det kan vere ein trebøyle, eller ein meir forseggjort kulerakke. I rakken var det som regel ei rakketrosse som vart nytta om seglet måtte snøgt ned.
I sidene av seglet er det påsydd tau, kalla telne i Trøndelag, lik på Vestlandet. For å kunne reve, minske segl, var det rader med revtampar, søftebaand i seglet. Ved å knyte dei om råa vart seglflata minka. Dei kunne og verte bundne rundt seglet i underkant. Vanlegaste revemåten på nordlandsbåtar var å dra klo, ei eller fleire av klørne i forliket vart drege ned til ripa.
Ved akterleg vind står råa, og seglet, på tvers av båten. Dei to nedste hjørna, barmane vert kontrolert av eit skaut, skjøte, frå bak i båten. Når vinden kjem frå sida vert råa dreia slik at seglet skal fange vinden. Dette vert gjordt ved hjelp av brasar, tau festa i kvar rånokke. Le side av råa vert hala bakover. Masta er heile tida mellom seglet og vinden. Den seglbarmen som kjem fram i båten vert kalla hals. Når halsen er på styrbord side, seglar ein på styrbord hals.
Det har lenge vore hevda at råseglbåtar ikkje duger i bidevindseglas, ikkje kan krysse eller stagvende. Sjølv om dette er mykje enklare med til dømes gaffelrigg, kan det og gjerast med råsegl om båten er godt sett i høveleg vind.[3]
Større båtar, som jekter og fembøringar, kan ha ført eit rå-toppsegl over storseglet, i visse høve. Dei kan og ha bonettar, pålissa segldukstykke, i underkant av storseglet. Desse går det snøgt å ta vekk om seglet må minskast.
På Vestlandet har det vore meir vanleg med kortare rå i høve til seglbreidda nede. Det gir mindre krenking av båten enn eit råbreidt segl. Åtakspunktet for vinden i firkanta segl ligg der diagonalane kryssat kvarandre. Dette punktet ligg lenger nede når seglet er smalt opp, og dreiemomentet som påverkar båten vert mindre. [4]
Asymmetrisk råsegl
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Asymmetrisk råsegl.
Eit asymmetrisk råsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og kort rå. Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk.
Det spisse seglhjørnet vender alltid fram, er hals, og vert festa framme i båten.
Det asymmetriske råseglet har så langt tilbake ein kjenner vorte brukt på Møre-kyste. I siste del av 1800-talet spreidde bruken seg til Vestlanet sør om Stad.
Seglduk
[endre | endre wikiteksten]Dei eldste segla vi finn restar av er laga av vadmål. Det gjeld og funn frå vikingtida. Ull frå gamle norrønne sauerasar høvde godt til seglduk. Å lage slike ullsegl var svært resurskrevjande, både i høve råstoff og arbeid.
Ein finn eldre segl laga av, gjerne heimedyrka lin (stry-segl) og neslefiber. Tråd av desse plantene kan vere blanda i same seglet. Hampeduk finn ein i mange gamle segl. Det er uklart kva tid dette materialet kom i bruk.
Nemninga seglduk har gjerne vore knytt til bomullstoff. Bomullsegl vart truleg vanleg i norske bruksbåtar på 1800-talet.
I seinare tid vert råsegl ofte laga av dakron, eller andre syntetiske stoff.[5]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Nordlandsfembøring med storsegl og toppsegl
-
Storseglet på ein knarr vert fest til råa med råband
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster. Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider Pax Forlag A/S Oslo 2022 side 89, ISBN 978-82-530-4310-4
- ↑ Kjell Magnus Økland (2016). OSELVAR – Den levande båten. Skald forlag. ISBN 978-82-7959-244-0.
- ↑ Nordlandsbåter, og båter fra Trøndelag. Av Asbjørn Klepp. Bind IV i serien NORSKE BÅTER. s. 91-102 Grøndahl, 1983. ISBN 82-504-0650-8
- ↑ Bernhard Færøyvik (1939). «Båtane i Sogn og Fjordane». I Berhard Færøyvik. FISKARSOGA for Sogn og Fjordane. Band I. Bergen: Sogn og Fjordane Fiskarlag. s. 43.
- ↑ Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 4. Side 268. ISBN 82-992217-1-4