Hopp til innhald

Python

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Python


UtviklarPython Software Foundation, Guido van Rossum
Utgjeve20. februar 1991[1]
Nyaste versjon3.12.6 (7. september 2024)[2]
Operativsystemmultiplattform
Skriven iPython, C
Typeprogramvareutvikling, berekningsvitskap, maskinlæring, dataanalyse, programmering, webutvikling
LisensPython Software Foundation-lisens
Nettstadhttps://www.python.org/

Python er eit objektorientert programmeringsspråk starta av Guido van Rossum i 1989. Van Rossum valde namnet «Python» fordi han er fan av Monty Python, og fordi han meiner at programmering skal vera artig.

Python var opphavleg eit scriptspråk for Amoeba OS for å laga systemendringar. Perl, Ruby, Tcl, Scheme og tildels Java vert ofte set på som alternativ til Python. Python er utvikla som ei fri programvare-prosjekt.

Python har ein lettlest og klår syntaks. I Python vert koden delt opp etter innrykk, ikkje etter spesialtegn som t.d. }. Dette er trekk ved programmeringsspråket som skal gjera det lettare og raskare å skriva program. Mange ser på Python som ein nyare, men strengare og meir strigla versjon av Perl.

Objekt-orientert programmering

[endre | endre wikiteksten]

Python er eit objektorientert språk, og tillèt til dømes polymorfisme. I motsetnad til i mange andre objektorienterte språk, som til dømes Java og Smalltalk, er det likevel fullt mogleg å skriva eit prosedyre-drive program.

  1. «History and License - Python documentation». Henta 19. august 2016. 
  2. «Python Insider: Python 3.13.0RC2, 3.12.6, 3.11.10, 3.10.15, 3.9.20, and 3.8.20 are now available!»; kortnamn på forfattar: Łukasz Langa; utgjevingstidspunkt: 7. september 2024; vitjingsdato: 7. september 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Python