Pyrolyse
Utsjånad
Pyrolyse (av gresk pyro- og -lyse) (andre namn destruktiv/destruerande destillasjon, (for-) koksing, trekolbrenning og tørrdestillasjon) er spalting av samansatte, som oftast faste organiske, kjemiske sambindingar til nye produkt ved hjelp av oppvarming utan tilgang på luft (oksygen). Produkta er vanlegvis ljosgass, vatnlege destillat, tjære og koks/trekol. Prosessen kan skje isolert, men er vanlegvis ein del av ein annan termokjemisk prosess som forbrenning eller forgassing.