Psychonauts
Psychonauts | |||
| |||
Utviklar(ar) | Double Fine Productions | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Majesco | ||
Distributør | Steam, GOG.com, Humble Store, PlayStation Store, Discord Store, Microsoft Store | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Tim Schafer | ||
Design(ar) | Tim Schafer | ||
Forfattar | Erik Wolpaw | ||
Komponist(ar) | Peter McConnell | ||
Serie | Psychonauts | ||
Plattform(er) | Xbox, Microsoft Windows, PlayStation 2, Linux, Xbox 360, macOS, PlayStation 4, PlayStation 3 | ||
Utgjeving | Xbox NA: 19. april 2005 EU: 10. februar 2006 Microsoft Windows NA: 26. april 2005 EU: 10. februar 2006 PlayStation 2 NA: 21. juni 2005 EU: 10. februar 2006 Digital nedlasting 11. oktober 2006 (Steam) 4. desember 2007(Xbox Originals) | ||
Sjanger | Eventyr, plattform | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 12+ ESRB: T USK: 12+ | ||
Versjon | 1.04 (21. september 2005) | ||
Medium | CD, DVD, Steam-nedlasting | ||
Stødde einingar | Handkontroll, tastatur, mus | ||
Nettstad | http://www.psychonauts.com/ | ||
Del av serien Psychonauts⠀ | |||
Psychonauts in the Rhombus of Ruin→ |
Psychonauts er eit plattformspel skapt av Tim Schafer, utvikla av Double Fine Productions og utgjeve av Majesco for PlayStation 2, Microsoft Windows og Xbox. Det vart utgjeve i Nord-Amerika på Xbox og Windows i april 2005, og på PlayStation 2 juni same året. I Europa kom spelet på alle dei tre plattformene den 10. februar 2006. Det er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Steam og som ein «Xbox Original» gjennom Xbox Live Marketplace.
Spelet handlar om ungguten Razputin (ofte korta «Raz») med psykiske tamar som rømmer frå eit sirkus for å snika seg inn i ein sommarleir for folk like psykiske eigenskapar. Her håpar han på å kunne bli ein «Psychonaut». Etter kvart finn han ut at nokon legg skumle planar i leiren som berre han kan hindra. Som ein Psychonaut-lærling må han koma seg inn i tankane til forskjellige karakterar i spelet for å hjelpa desse i å koma over redslene eller minna frå fortida si, slik at han kan få hjelp frå dei og koma vidare i spelet. Undervegs lærer Raz nye psykiske triks som kan bli brukte både for å åta fiendar og løysa gåter.
Psychonauts fekk generelt svært god kritikk, men selde ikkje so mange kopiar og utgjevar Majesco opplevde økonomiske vanskar mellom anna grunna dette spelet.