Prievidza
Prievidza | |||
by | |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Høgd | 280 m | ||
Areal | 43,063 km² | ||
Folketal | 45 017 (1. januar 2021) | ||
Først nemnd i | 1113 | ||
Postnummer | 971 01 | ||
Retningsnummer | +421-46 | ||
Bilnummer | PD | ||
Prievidza 48°46′17″N 18°37′27″E / 48.771388888889°N 18.624166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Prievidza |
Prievidza (ungarsk Privigye, tysk Priwitz) er ein by sentralt i det vestlege Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar og er ein av dei største byane i Trenčín kraj.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart nemnd første gongen i 1113 som «Preuigan». Han fekk status som fri kongeleg by i 1383. Sidan 1500-talet utvikla handverkaryrket seg i Prievidza. Frå 1500-talet til første del av 1600-talet kontrollerte familen Thurzo byen. Det osmanske riket kom til byen frå sør og brende han ned i 1599, i lag med andre byar i den øvre Nitradalen. Under Kuruc-opprøret i 1673 vart Prievidza sett i brann igjen, og brannen tok delar av byarkiva. I 1870 hadde han 2719 innyggjarar.
Frå slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet har industrien vokse i byen etter at jernbanen først kom hit. I den andre verdskrigenj var byen ein av sentera til den slovakiske motstandsrørsla. Etter slutte av krigen voks folketalet kraftig i lag med industrien frå 5000 til rundt 53 000. Prievidza vart bustad for mange gruvearbeidarar som fann arbeid i nærliggande kolgruver, kraftstasjonar og ein kjemisk fabrikk nær byen Nováky.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Prievidza» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2009.