Hopp til innhald

Poel

Koordinatar: 54°00′N 11°26′E / 54.000°N 11.433°E / 54.000; 11.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poel
Kyrkje i Kirchdorf på Poel
Kyrkje i Kirchdorf på Poel
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 54°00′N 11°26′E / 54.000°N 11.433°E / 54.000; 11.433

Areal 36,02 km²

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Mecklenburg-Vorpommern
Nordwestmecklenburg

Demografi
Folketal 2 804 (2006)
Folketettleik 78 /km²

Poel er ei øy i Austersjøen i Wismarbukta ved kysten av Tyskland. Ho er ein kommune i landkreis Nordwestmecklenburg, og består av Kirchdorf, den største byen, og dei mindre Timmendorf, Fährdorf, Kaltenhof, Vorwerk og Gollwitz. Øya har eit areal på 36,02 km² og 2 800 innbyggjarar. Med sine fine strender er øya ein populær turiststad.

Namnet på øya kjem frå den germanske lysguden Phol, betre kjend som Balder. I 1612 starta Adolf Friedrich I av Mecklenburg-Schwerin byrjinga av ei festning på øya og i 1619 stod han ferdig. Han var derimot ikkje sterk nok sidan svenskane okkuperte øya i 1631, under trettiårskrigen. I 1903 vart øya gjeven tilbake til Mecklenburg av Sverige. Sidan 1927 har øya vore forbunden til fastlandet via ei vegfylling.

Det er òg bygd festningsverk på den nærliggande øya Walfisch.