Hopp til innhald

Pinselilje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pinselilje
Pinselilje
Pinselilje
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Amaryllidoideae
Stamme: Narcisseae
Slekt: Påskeliljeslekta Narcissus
Art: Pinselilje N. poeticus
Vitskapleg namn
Narcissus poeticus

Pinselilje (Narcissus poëticus) er ei plante i påskeliljeslekta i påskeliljefamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Mellom- og Sør-Europa.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Arten vart funnen sikkert forvilla i 1875, men kan ha spreidd seg mykje tidlegare. Pinselilje er ganske vanleg på Austlandet og langs kysten til Rogaland, derfrå meir spreidd til Sør-Trøndelag.[2] Arten er ein tradisjonell produksjonsart som har vore i bruk før 1700, og han var derfor ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018,[3] men i 2023 er han vurdert med potensielt høg risiko (PH).[4]

  1. «Artsdatabanken: Pinselilje». Artsdatabanken. Henta 9. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 211. 
  3. «Fremmedartslista 2018: Narcissus poëticus pinselilje». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 9. mars 2023. 
  4. «Fremmedartslista 2023: pinselilje Narcissus poëticus L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]