Petter Solberg
Petter Solberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. november 1974 (49 år) Askim kommune |
Idrett | rally |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Østfoldprisen, Folkets idrettspris |
Petter Solberg (fødd 18. november 1974) er ein profesjonell rallyførar, frå Spydeberg i Østfold, fødd i Askim. Han køyrer for Subaru World Rally Team (SWRT). I 2002 enda Solberg på andreplass i rally-VM (WRC, World Rally Championship), og i 2003 gjekk han heilt til topps og vart den fyrste norske verdsmeisteren i rally nokon gong. Dette året vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje. I 2004 og 2005 enda han på andreplass bak verdsmeister Sebastien Loeb.
Solberg vart noregsmeister i rallycross og bakkeløp i 1995 og 1996, og han vart noregsmeister i rally i 1998. Same år underteikna han kontrakt med VM-teamet til Ford, og i 2000 bytta han frå M-Sport Ford til Subaru (SWRT). Petter Solberg har vunne 13 VM-rundar i karrieren.
Hausten 2004 vart biografien Petter Solberg - 110% lansert. Boka er ført i pennen av journalist/forfattar Geir Svardal. Solberg er den best betalte norske idrettsutøvaren nokon gong med ei årsløn som truleg på mellom 30 og 40 millionar kroner. Han er busett i Monaco saman med den svenske kona si, Pernilla (dotter av Per-Inge Walfridsson [europameister i rallycross 1980]), som sjølv var ein dyktig rallyførar på 1990-talet, og sonen Oliver. Petter Solberg er veslebroren til Henning Solberg.
Hovudsponsoren til Petter Solberg i 2006 er 24SevenOffice, som inngjekk ein rekordavtale i norsk målestokk verdt 5 millionar kroner.
Kartlesaren til Petter Solberg har vore walisaren Philip Mills sidan 1999.
Sigrar i rally-VM
[endre | endre wikiteksten]Enkeltsigrar:
- Rally Storbritannia 2002
- Rally Kypros 2003
- Rally Australia 2003
- Rally Frankrike (Korsika) 2003
- Rally Storbritannia 2003
- Rally New Zealand 2004
- Rally Hellas 2004
- Rally Japan 2004
- Rally Storbritannia 2004
- Rally Italia (Sardinia) 2004
- Rally Sverige 2005
- Rally Mexico 2005
- Rally Storbritannia 2005
Førar-VM samanlagt:
- 2000: 10.-plass
- 2001: 10.-plass
- 2002: 2.-plass
- 2003: Verdsmeister
- 2004: 2.-plass
- 2005: 2.-plass