Pepe Ferreira
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Képler Laveran Lima Ferreira | ||
Fødd | 26. februar 1983 (41 år) | ||
Fødestad | Maceió | ||
Høgd | 186 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Beşiktaş | ||
Nummer | 5 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1995-2001 | Corinthians Alagoano | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-04 2004-07 2007-2017 2017- |
Marítimo Porto Real Madrid Beşiktaş |
63 (3) 64 (6) 229 (13) 18 (2) | |
Landslag | |||
2007- | Portugal | 91 (5) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. februar 2018 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. november 2017 |
Képler Laveran Lima Ferreira, kjend som Pepe (fødd 26. februar 1983 i Maceió i Alagoas), er ein brasiliansk-portugisisk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Han er fødd og oppvaksen i Brasil, men flytta til den portugisiske øya Madeira for å spela fotball for klubben Marítimo som 18-åring. I 2004 gjekk han vidare til toppklubben Porto og var med på å vinna den portugisiske serien med klubben i 2005/06 og 2006/07. 16. juli 2007 skreiv han under på ein femårskontrakt for Real Madrid og var med å vinna den spanske serien med dei i 2007/08, den tredje ligameisterskapen hans på rad. I desember 2009 fekk han eit roke korsband i kneet, og skaden var venta å setja han ut av spel i eit halvt år. I 2011/12- og 2016/17-sesongen vart han igjen seriemeister med Real Madrid, og i 2014, 2016 og 2017 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Pepe vart portugisisk statsborgar i august 2007, og 30. august same året vart han kalla inn til ein portugisisk A-landslagstropp for første gong. Han debuterte for Portugal 21. november 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Han spelte alle Portugal sine kampar under fotball-EM i 2008. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 vart han ofte brukt som defensiv midtbanespelar. Deltakinga hans i fotball-VM vart sett i fare av korsbandskaden hans i desember 2009, men han vart frisk i tide og spelte i to av Portugal sine kampar i meisterskapen. I EM i 2012 spelte han alle Portugal sine fem kampar då dei nådde semifinalen i meisterskapen. I 2016 vart han europameister med Portugal.