Hopp til innhald

Paxí

Koordinatar: 39°12′N 20°10′E / 39.200°N 20.167°E / 39.200; 20.167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paxí
Lokalt namn Παξοί
Hamna på Paxí
Hamna på Paxí
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 39°12′N 20°10′E / 39.200°N 20.167°E / 39.200; 20.167
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 19 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Kérkyra
Største busetnad Gáios (706 innb.)

Demografi
Folketal 2 466 (2021[1])
Folketettleik 129,8 /km²

Paxí (gresk Παξοί) er den minste av Dei joniske øyane. Faktisk er det greske namnet ei fleirtalsform som viser til ei heil gruppe øyar, der dei største er Paxós og naboøya Andípaxi.

Paxí er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øyane administrativt til under periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane.[2]

I gresk mytologi danna Poseidon øya då han slo Kérkyra med gaffelen sin, slik at han og kona Amfitrite kunne få litt ro.

Øya er om lag 13 km lang. Vestkysten er dominert av bratte kalksteinsklipper med mange blå grotter, som ein kan nå med båt frå Gáios. Mykje av landskapet er framleis dekt av olivenlundar. Desse strekkjer seg frå Lákkas, hamnelandsbyen i nord, via Magaziá til Gáios, hovudbyen. Produksjon av olivenolje, såpe og fiske er supplement til turismen, som har vore hovudindustrien på øya sidan 1960-åra. På denne tida vart kysten rundt Gáios kraftig ombygd for å ta imot turistane. Det går dagleg ferjer og hydrofoilar frå Kérkyra og til Párga på fastlandet, i tillegg til sjøflysamband med Kérkyra by i turistsesongen. Stundom går det òg båt til Albania (feriebyen Saranda og den gresk-romerske busetnaden Butrint).

Sjølv om øya har vore busett sidan førhistorisk tid, vert fønikarar rekna som dei første innbyggjarane på Paxí. Ein meiner at namnet på øya kjem frå Pax, som tyder «skifer» på deira språk.

Romarane styrte øya frå 200-talet fvt. og under perioden med austromersk styre og i mellomalderen vart øya stadig plyndra av sjørøvarar. Etter fleire herskarar og etter krosstoga var ferdig vart øya teken av Republikken Venezia mot slutten av 1300-talet.

Under napoleonskrigane vart Dei joniske øyane teke av Frankrike, så ein russisk-osmansk allianse, og til slutt av Storbritannia, som oppretta Den sameinte joniske unionen i 1815. I 1864, i lag med resten av Dei joniske øyane, vart Paxí ein del av Hellas.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Gáios 498 706
Oziás 196 191
Lákka 147 166
Bogdanátika 135 132
Vlakhopoulátika 102 130

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Magaziá (117)
  • Ápergátika (105)
  • Makrátika (88)
  • Kondojannátika (82)
  • Lóngos (74)
  • Velianitátika (74)
  • Plátanos (71)
  • Kagátika (65)
  • Dalietátika (63)
  • Grammatikéika (59)
  • Ieromónakhos (52)
  • Mastorátika (48)
  • Kourtéika (47)
  • Boikátika (38)
  • Aronátika (29)
  • Dendiátika (29)
  • Manesátika (25)
  • Arvanitakéika (18)
  • Koútsio (14)
  • Moungelátika (12)
  • Petrátika (5)
  • Anemojannátika (3)
  • Katsiátika (2)




Småøyar i kommunen:

Referansar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]