Paul Cézanne
Paul Cézanne | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 19. januar 1839 Aix-en-Provence |
Død |
22. oktober 1906 (67 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, litograf, teiknar, grafikar |
Språk | fransk |
Far | Louis-Auguste Cézanne |
Mor | Anne Elisabeth Aubert |
Ektefelle | Marie-Hortense Fiquet |
Nettstad | https://paul-cezanne.org |
Paul Cézanne på Commons |
Paul Cézanne (19. januar 1839–22. oktober 1906) var ein fransk kunstmålar. Cézanne kan karakteriserast som ein brubyggjar mellom impresjonismen og kubismen. Han måla hovudsakleg stilleben, figurkomposisjonar og landskap. Han var dyktig både innan komposisjon, teknikk, design og fargar. Karakteristisk for arbeida er delikate og ofte repeterande penselstrøk. Han brukte fargeflater og små, repeterte penselstrøk til å byggje opp flatene i måleriet.
Han var fødd i sør-Frankrike, i Aix-en-Provence, og landskapet i Provence blei eitt av hans hovudtema.
I 1861 hadde Cézanne bestemt seg for å bli kunstnar, og han reiste til Paris med vennen Émile Zola. Her møtte han Pissarro og andre impresjonistiske kunstnarar. Pissarro hadde ein stor påverknad på Cézanne, og dei måla også ofte saman.
Cézanne døydde i Aix-en-Provence.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
«Den badende» (1985-87)
-
«Mordet»
-
«La maison du pendu» (1873), ved Musée d'Orsay i Paris
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Cézanne» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Cézanne - webmuseum, Paris
- Art Gallery - Paul Cezanne
- Olga's Gallery Paul Cezanne
- Paul Cézanne: A Virtual Art Gallery Arkivert 2006-11-15 ved Wayback Machine.Denne kunstartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.