Ottomotor
Utsjånad
Ottomotor syner til ein firetakts forgassarmotor, på grunn av at Nikolaus August Otto lenge vart rekna som oppfinnaran av firetaktsmotoren. Det har i ettertid kome fram at landsmannen hans, Christian Reithmann, alt i 1873 demonstrerte ein fungerande firetaktsmotor . Alphonse Eugène Beau var enda tidleare ute, då han i 1862 leverte ei utførleg utgreiing av den termodynamiske syklusen som ligg til grunn for firetakts forgassarmotoren.