Osvald
Utsjånad
Osvald er eit mannsnamn og slektsnamn av germansk opphav. Det har norsk namnedag den 5. august og svensk den 3. oktober.
Norrøne Osvaldr eller Ásvaldr er sett saman av áss, 'gud', og valdr/valde, 'høvding'. Det tilsvarande gammalengelske Oswald er sett saman av ōs og weald. Namnet har vore brukt over store delar av Europa. Gammalsaksisk Osweald er sett saman av ans og walt.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Oswald av Northumbria (604–642), konge av Northumbria
- Oswald of Worcester (d. 992), erkebisp av York
- Oswald von Wolkenstein (1376/7–1445), komponist
- Oswald Achenbach (1827–1905), tysk målar
- Oswald Balzer (1858–1933), polsk historikar
- Oswald Chambers (1874–1917), skotsk prest og forkynnar
- Oswald Avery (1877–1955), kanadisk-amerikansk medisinar
- Oswald Veblen (1880–1960), norsk-amerikansl matematikar
- Osvald Chlubna (1893–1971), tsjekkisk komponist
- Osvald Helmuth (1894–1966), dansk skodespelar og songar
- Oswald Mosley (1896–1980), britisk politikar, grunnla British Union of Fascists
- Kristian Osvald Viderø (1906–1991), færøysk prest, diktar og bibelomsetjar
- Osvald Zahradník (f. 1932), slovakisk dramatikar