Oscarshall
Oscarshall | |||
| |||
Oscarshall i 2009, sett frå landsida. Foto: Hans A. Rosbach | |||
Arkitekt | Johan Henrik Nebelong | ||
---|---|---|---|
Oscarshall 59°54′37″N 10°41′32″E / 59.910147222222°N 10.692233333333°E |
Oscarshall slott er eit lystslott i nygotisk stil som ligg på Bygdøy ved Frognerkilen i Oslo. Slottet blei påbegynt i 1847 og stod ferdig i 1852, teikna av den danske arkitekten Johan Henrik Nebelong for kong Oskar I.[1] Nebelong har teikna sjølve bygningen, utforminga av interiøret og det meste av møbla. Men det var òg eit poeng at norske samtidskunstnarar skulle få oppdrag under oppføringa av Oscarshall. Interiøret vart laga av norske kunstnarar og handverkarar, så lystslottet gjev gode døme på norsk kunst og kunstindustri frå midten av 1800-talet. Kunstmålarane Adolph Tidemands folkelivsskildringar og Joachim Frichs norske landskap prydar matsalen i slottet. Kongeskulpturar av Hans Michelsen og relieff av Christopher Borch smykkar veggane i Salongen, medan heroiske framstillingar som Borchs relieff med motiv frå Frithjofs-soga og landskapsmåleri av Hans Gude med motiv som «Kong Beles gravhøi» og «Balestrand med Gaarden Flesje» er å sjå i daglegstova til kongen. Møbel og dekor i salongen er inspirert av norsk mellomalder og gamle norske gildehallar.
Johan Henrik Nebelong stod òg for utforminga av parken ikring slottet og bygningane der.[1] Slottet er bygd for å ha tilkomst både frå landevegen og med båt på Frognerkilen. Dette vart det teke omsyn til ved utforminga av fasaden på slottet, slik at bygningen er like storslagen å sjå til på båe sider. Ved stranda vart det bygd ei kai og den såkalla Kavaler-bygningen, som vegen til slottet går gjennom og på ein naturleg høgderygg steilt oppover til slottet gjennom parken som er laga til i dette bratte terrenget.
Oscarshall blei seld av kong Karl IV til den norske staten i 1863, og har sidan stått til disposisjon for det norske kongehuset.
I medhald av vedtak i bystyret i Oslo 8. november 1962, saknr. 261 Fredning og bevaring av gamle bygninger etc. i Oslo, er Oscarshall verna. Dette gjeld hovudbygningen, kavalerbygningen, kjøkenbygningen, vaktmeisterbustaden, hagepaviljongen og parken.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Byggingen av Oscarshall frå Kongehuset.no
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Nina Høye, 2009, Oscarshall. Oslo: Cappelen Damm ISBN 9788202303822
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Trond Norén Isaksen: Det undersköna Oscarshall – hoffliv på sommerslottet i 1855 Arkivert 2015-07-11 ved Wayback Machine.. Oslo Museum: Byminner nr. 3-2010, side 2–11
- Oscarshall i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Oscarshall i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren