Hopp til innhald

Oppdagingstida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cantino-verdskartet frå 1502 er det eldste overlevande kartet som viser portugisiske oppdagingar i aust og vest.

Oppdagingstida viser til tida frå Christofer Columbus oppdaga Amerika på vegner av europearane i 1492 til den metodiske kartlegginga av verdshava under det britiske imperiet på 1800-talet. Kombinasjonen av teknisk nyvinning innan skipsbygging og økonomiske oppgangstider i Europa, gjorde at skip frå Europa i laupet av ein 400-årsperiode fann alle kontinenta, teikna truverdige kart og tok med seg kunnskap om fjerne himmelstrok. Desse oppdagingane var ei viktig årsak til utskiljinga av vitskap som ei særskilt grein frå filosofi.