Ole Henrik Magga
Ole Henrik Magga | |||
| |||
Fødd | 12. august 1947 Ávževuopmi | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | Fennougristikk, syntaks | ||
Yrke | lingvist, politikar, filolog | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane Sametinget Universitetet i Oslo Samisk høgskole Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Lajla Mattsson Magga | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Finnmarkskommisjonen |
Ole Henrik Magga (fødd 12. august 1947) er ein samisk språkforskar og politikar frå Kautokeino.
Språkforskaren Magga
[endre | endre wikiteksten]Som språkforskar er Ole Henrik Magga framfor alt kjend som syntaktikar. Magistergradsavhandlinga hans, «Lokative læt-setninger i samisk», tar opp eit klassisk emne i syntaktisk teori, strukturen til eksistensialsetningar og habitivsetningar, som i mange uralske språk har ein svært lik struktur. Doktoravhandlinga frå 1986 handla om strukturen i den samiske verbalfrasen, spesielt samspelet mellom modalverb og infinitivar.
Magga vart professor i fennougristikk ved Universitetet i Oslo i 1997, etter Knut Bergsland, men han sa opp denne stillinga for å arbeide ved Samisk høgskole i Kautokeino, der han vart høgskoledosent frå 1990 og professor frå 1997. Magga vart medlem av Det Norske Videnskaps Akademi i 1993.
Politikaren Magga
[endre | endre wikiteksten]Magga var leiar i Norske Samers Riksforbund frå 1980 til 1985, og den første presidenten i Sametinget i Noreg, frå 1989 til 1997. Magga var med og stifta Verdsrådet for urfolk (WCIP) i Canada i 1976. I perioden 1992-1995 var Magga medlem av FN-kulturkommisjonen Worlds Commission on Culture and Development. I 2002 vart Magga den første leiaren for FNs permanente forum for urfolk.
Magga var ein av mange politisk aktive samar som vart overvaka av den norske etterretningstenesta Politiets overvakingsteneste, POT (No: Politiets sikkerhetstjeneste, PST) fram til slutten av åttitalet.
I 1998 vann han Petter Dass-medaljen for arbeid for samisk kultur og identitet. I 2006 vart han kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for innsats for saka til samane og til urfolk.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Lokative læt-setninger i samisk. Dieđut 1978.
- Modalverb og infinitiv innen verbalet : prosjektrapport. Dieđut 1982.
- Infinitives within the VP in Northern Sami: The accusative with infinitive. i: Riepmočála (1984)
- Studier i samisk infinitivsyntaks. Doktoravhandling, Universitetet i Oslo. 1986.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Kjent same beskyldt for å være brusprenger». Dagbladet. 13. februar 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Odd Mathis Hætta. «Ole Henrik Magga». Norsk biografisk leksikon.
- «Ole Henrik Magga». Arkivverket.
- Einskildmenn
- Fødde i 1947
- Nordsamar
- St. Olavs Orden
- Æresdoktorar ved UiT Noregs arktiske universitet
- Samiske språkforskarar
- Samiske politikarar
- Sametingspresidentar
- Sametingsrepresentantar 1989-1993
- Sametingsrepresentantar 1993-1997
- Sametingsrepresentantar 1997-2001
- Sametingsrepresentantar 2001-2005
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi
- Folk frå Kautokeino
- Professorar ved Samisk høgskole
- Personar innafor samisk språkforsking