Offentleg stad
Utsjånad
Offentleg stad er ein stad folk flest har tilgang til og der alminneleg ferdsel er tillaten. Dette kan til dømes vera offentlege vegar, torg, parkar og strender.
I den norske straffelova er det knytt eigne straffebod til nokre handlingar som blir utførte på offentleg stad. I den tidlegare straffelova frå 1902 er ein offentleg stad definert som ein stad bestemt for alminneleg ferdsel, eller ein stad der slik ferdsel faktisk finn stad.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Elden, John Christian (7. august 2016), «Offentlig sted», Store norske leksikon, henta 10. desember 2016