Nikolajevsk-na-Amure
Nikolajevsk-na-Amure Николаевск-на-Амуре | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Khabarovsk kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1850 1856 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
25 449 | ||
Koordinatar | 53°09′N 140°44′E / 53.150°N 140.733°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 682460 | ||
Retningsnummer (tlf) | 42135 | ||
Nettstad: www.nikoladm.ru |
Nikolajevsk-na-Amure (russisk Никола́евск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Byen ligg 80 km frå munningen til Amur, 650 km nordaust for Khabarovsk. Ved folketeljinga i 2010 hadde han 22 752 innbyggjarar.
Den russiske busetnaden vart grunnlagd som Nikolajevskij av Gennadij Nevelskoj 13. august 1850. Byen vart kalla opp etter tsar Nikolaj I av Russland. Han fekk byrettar og og namnet Nikolajevsk-na-Amure i 1856.
Byen vart ei viktig kommersiell hamn og vart administrativt senter for regionen til 1880, då guvernøren vart flytta til Khabarovsk. Anton Tsjekhov vitja byen på reisa si til Sakhalin i 1890, og merka seg at folketalet minka raskt. Nikolajevsk kom ut av resesjonen i 1896 då det vart oppdaga gull i nærleiken og som følgje av nyoppretta laksefiskeri.
Under den russiske borgarkrigen fall folketalet i byen frå 15 000 til 2 000, etter at ein lokal partisanleiar, som seinare vart avretta av dei same bolsjevikane han var meint å høyre til, jamna byen med jorda og massakrerte den japanske minoriteten i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Nikolajevsk-na-Amure» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.