Nikolaj I av Russland
Nikolaj I av Russland (6. juli 1796–2. mars 1855) var tsar av Russland og konge av Polen mellom 1825 til han døydde i 1855.
Nikolaj I var kjend for eit despotisk styre og dreiv et stort hemmeleg politi og eit nettverk av spionar. Utanrikspolitisk sett var han sterkt mot revolusjonar. Han tilbydde militær stønad til å slå ned revolusjonar kringom i Europa, og fekk tilnamnet «Europas politimann». I 1830 avskaffa han det polske kongedømet etter ein revolusjon og gjorde Polen til ein russisk provins.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Han var son av Paul I av Russland og Sophie Marie Dorothea av Württemberg. Nikolaj I var yngre bror av Aleksander I av Russland, som han etterfylgde som tsar. Han gifte seg med Charlotte av Preussen (1798-1860). Ho vart som gift kalla Aleksandra Fjodorovna. Charlotte var dotter av Fredrik Wilhelm III av Preussen og Louise av Mecklenburg-Strelitz.
Nikolai og Alexandra fekk desse borna:
- Alexander II av Russland 1818-1881
- Maria 1819-1876
- Olga 1822-1892
- Alexandra 1825-1844
- Konstantin 1827-1892
- Nikolai 1831-1891
- Mikhail 1832-1909