Hopp til innhald

Nationen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nationen
TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd1918
SpråkNorsk
Opplag18.265
HovudkvarterOslo
Nettstadhttp://www.nationen.no

Nationen er ei landsdekkande avis med daglege utgjevingar som omtalar seg som «distriktenes næringsavis».

Hovudkontoret til Nationen ligg på Grønland på austkanten i Oslo. Avisa har avdelingskontor i Trondheim i tillegg til medarbeidarar og frilansarar over store delar av landet.

Nationen er ei fri og uavhengig dagsavis med uttalt formål å ta vare på «bygdefolkets og distriktas økonomiske, sosiale og kulturelle interesser». Prioriterte stoffområde for avisa er næringsliv, landbruk, politikk, samferdsel og EU. Avisa hadde fram til 1980-talet ei tilknytning til Senterpartiet, men har etter den tid vore politisk uavhengig.

Nettavisa til Nationen, www.nationen.no, har over 350.000 unike brukarar i månaden. Papiravisa til Nationen er den 11. mest leste i Noreg[1] og Nationen er ei av svært få aviser som reelt sett er riksdekkande i form av å ha abonnentar i omtrent alle kommunar i heile landet.[2]

Sjefredaktør er Irene Halvorsen. Ho har vore sjefredaktør sidan 2016.

Mediehuset AS Nationen er 100 % eigd av Tun Media. Dei største eigarane i Tun Media er Amedia (66,9%), Norges Bondelag (24,8%) og AS Nord Trøndelag (8%) etter at Tine, Nortura, Felleskjøpet Agri og Landkreditt selde seg ut i 2021[3].

Nationen vart grunnlagd i 1918.

Opplagstal

[endre | endre wikiteksten]

Netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:

  • 1980: 21 455
  • 1981: 21 780
  • 1982: 21 563
  • 1983: 21 648
  • 1984: 20 566
  • 1985: 20 691
  • 1986: 20 021
  • 1987: 20 370
  • 1988: 19 726
  • 1989: 21 388
  • 1990: 22 367
  • 1991: 23 011
  • 1992: 20 805
  • 1993: 20 102
  • 1994: 21 278
  • 1995: 20 278
  • 1996: 20 235
  • 1997: 19 104
  • 1998: 18 311
  • 1999: 18 307
  • 2000: 17 376
  • 2001: 18 652
  • 2002: 17 554
  • 2003: 16 987
  • 2004: 16 484
  • 2005: 17 061
  • 2006: 16 996
  • 2007: 15 871
  • 2008: 15 670
  • 2009: 14 514
  • 2010: 13 642
  • 2011: 12 824
  • 2012: 12 185
  • 2013: 11 794
  • 2014: 12 673
  • 2015: 12 954
  • 2016: 12 972
  • 2017: 13 370
  • 2018: 14 447
  • 2019: 15 309
  • 2020: 16 157[4]
  • 2021: 17 766[5]
  • 2022: 18 265[6]
Utviklinga i netto opplag for Nationen.
  1. «Koronapandemien akselererer det digitale skiftet - over 1 million heldigitale abonnement», www.mediebedriftene.no (på norsk), henta 26. september 2020 
  2. 26. 09.2020, klokken 00:00 Nationen mener Nationens lederartikler, «Takk til deg som leser Nationen!», Nationen, arkivert frå originalen 23. oktober 2020, henta 26. september 2020 
  3. «Amedia blir majoritetseier i Tun Media». Nationen. Henta 21. september 2021. 
  4. «Opplagstall», www.mediebedriftene.no (på norsk), henta 26. september 2020 
  5. «Opplagstal». Mediebedriftenes Landsforening. Henta 21. september 2021. 
  6. Mediebedriftenes Landsforening. «Opplagstall» (på norsk). Mediebedriftenes Landsforening. Henta 20. september 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]