Nat Lofthouse
Nat Lofthouse | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 27. august 1925 Bolton |
Død | 15. januar 2011 (85 år) Bolton |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1954 |
Utmerkingar | offiser av Den britiske imperieordenen |
Nathaniel Lofthouse (27. august 1925–15. januar 2011) var ein engelsk fotballspelar frå Bolton som spelte på Bolton Wanderers frå 1946 til 1960. Han var senterløpar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Lofthouse fekk sin ligadebut for Bolton 21. august 1946, då seriefotballen i England tok til att etter verdskrigen 1939-45. I hans aktive tid tok Bolton seg til finalen i FA-cupen i 1953 og 1958. 1953-finalen mot Blackpool enda med tap. Fem år seinare skåra han begge måla då Bolton slo Manchester United 2–0 i FA-cupfinalen 1958. Han spelte i alt 452 ligakampar og skåra 285 mål for Bolton.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Frå november 1950 til november 1958 spelte han 33 kampar med det engelske flagget på brystet. Han var ein særleg flittig målskyttar med heile 30 nettkjenningar. I sitt einaste internasjonale meisterskap, VM i fotball 1954, skåra han tre gongar.