Hopp til innhald

Mytteri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demonstrerande tyske matrosar i Kiel i 1918

Mytteri er ein oppreist som består i at fleire folk går saman om ulydnad mot ei leiing. Mannskap på skip eller soldatar i ei militær eining er døme på folk som kan utføra mytteri.

Militært mytteri er straffbart i Noreg med ei strafferamme på tre års fengsel i fredstid og 15 år i krigstid (etter den militære straffeloven av 22. mai 1902, § 50 og § 97).[1]

Kjende mytteri

[endre | endre wikiteksten]

Mytteriet på Bounty, der besetninga på eit britisk fartøy tok over skipet i Stillehavet på slutten av 1700-talet, er eit kjend mytteri som sidan er blitt filmatisert fleire gonger.

Mot slutten av fyrste verdskrigen bidrog mytteri blant tyske matrosar i Kiel til at Tyskland måtte godta våpenkvile og avslutta krigen.[2]

Der var mytteri i Danmark i 1953, då soldatar i Søgårdlejren protesterte mot ei forlenging av verneplikta frå 12 til 18 månader.

  1. «mytteri». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 2. februar 2022. 
  2. Stevenson 2012, s. 492-495