Muhammad Yunus
Muhammad Yunus | |||
| |||
Fødd | bengali মুহাম্মদ ইউনুস, Muhammod Iunus 28. juni 1940 Bathua | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Bangladesh | ||
Område | samfunnsøkonom, gründer, universitetslærar, bankier | ||
Yrke | samfunnsøkonom, gründer, universitetslærar, bankier | ||
Institusjonar | University of Dhaka Middle Tennessee State University La Trobe University | ||
Alma mater | Vanderbilt University University of Dhaka University of Colorado Chittagong College Chattogram Collegiate School | ||
Barn | Monica Yunus |
Muhammad Yunus (fødd 28. juni 1940) er ein økonom frå i Chittagong i Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt; å gje små lån for å starte opp næringsverksemd til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggjaren av Grameen Bank. Banken og Yunnus delte Nobels fredspris i 2006, «for arbeidet deira for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå». Han er den tredje bangladesharen som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen. I 2024 vart han regjeringsleiar i Bangladesh etter Sheikh Hasina.
Utdanning og tidleg karriere
[endre | endre wikiteksten]Yunnus starta universitetsutdanninga si på Dhaka University. Han tok doktorgraden i økonomi ved Vanderbilt University i 1969 som Fulbright-stipendiat. Etterpå blei han tilsett ved Chittagong University som professor i økonomi.
Yunus tok første gong opp arbeidet mot fattigdom under ein svoltkatastrofe i Bangladesh i 1974. Han oppdaga at svært små lån kunne ha ein stor verknad på mogelegheitene nokon hadde for å overleva.
Stiftinga av Grameen Bank
[endre | endre wikiteksten]Yunus stifta Grameen Bank i 1976 for å gje lån til fattige. Sidan då har banken lånt ut meir enn 5,1 milliardar US-dollar til 5,3 millionar lånarar. For å sikra seg at låna blir betalte attende nyttar den eit system med solidaritetsgrupper. I desse gruppene søkjer folk om lån saman og er kollektivt ansvarlege for gjelda. Etter kvart har banken òg utvikla andre former for kreditt, som huslån og lån til fiskeri og vatningsprosjekt, risikokapital og sparekontoar.
Suksessen til Grameen-modellen har inspirert liknande tiltak i ulike utviklingsland, og til og med i industrialiserte land, som t.d. i Noreg og USA.
Grameen-modellen for mikrofinansiering har vorte etterlikna i 23 land. Mange, men ikkje alle, mikrokredittprosjekt etterliknar òg vektlegginga på å låna ut til kvinner spesielt. Meir enn 96 % av Grameen-låna har gått til kvinner, for dei lid meir av fattigdom og er meir tilbøyelege enn karar til å bruka det dei tener til å stetta behova til heile familien.
Han fekk Nobels Fredspris i 2006 for innsatsen for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå. Tildelinga av prisen fann stad den 13. oktober 2006.
I 2007 la han planar om å skipa eit politisk parti i heimlandet, men det blei med planane. Under styret til Sheikh Hasina blei han etterforska ei rekkje gonger. I januar 2024 vart han dømt til fengsel i seks månader for brot på arbeidslovar. Etter at Hasina vart nøydd til å forlata landet som følgje av store demonstrasjonar og uro, vart Yunus leiaren for ei overgangsregjering i Bangladesh.[1][2]
Sitat
[endre | endre wikiteksten]- «Ein dag vil barnebarna våre fara til musea for å sjå kva fattigdom var for noko.» Frå «The Independent» 5. mai 1996.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1978 — President's Award, Bangladesh
- 1984 — Ramon Magsaysay Award, Philippines
- 1985 — Bangladesh Bank Award, Bangladesh
- 1987 — Shwadhinota Dibosh Puroshkar (Independence Day Award), Bangladesh
- 1989 — Aga Khan Award For Architecture, Switzerland
- 1993 — CARE Humanitarian Award
- 1994 — Vinnar av World Food Prize
- 1996 — Vinnar av Simón Bolívar Prize of UNESCO
- 1997 — Vinnar av Hjelp til selvhjelp-prisen (HTS-prisen) av Den norske Strømmestiftelsen.
- 1998 — Får Prince of Asturias Award
- 1998 — Vinnar av Sydney Peace Prize
- 2004 — Vinnar av avisa The Economist sin Prize for social and economic innovation.
- 2006 — Får eit æresdoktorat frå American University of Beirut
- 2006 — Mother Teresa Award, Kolkata, India
- 2006 — Åttande Seoul Peace Prize
- 2006 — Nobels fredspris, delt med Grameen Bank
- Og 46 andre, i alt 61.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- Banker to the Poor: The Autobiography of Muhammad Yunus, Founder of Grameen Bank, by Muhammad Yunus, Oxford University Press, ISBN 0-19-579537-7
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Grameen Bank, Yunus's dream
- Yunus's autobiography
- SAJAforum.org Q&A from around the world with Muhammad Yunus (audio/MP3 42 minutes)
- A speech by Muhammad Yunus
- Article on Muhammad Yunus at BusinessWeek, December 26, 2005
- PBS Biography Arkivert 2006-10-26 ved Wayback Machine. An article on Muhammad Yunus and Grameen Bank.
- CNN article Arkivert 2017-07-07 ved Wayback Machine. The birth of micro credit, 2001.
- A video by Muhammad Yunus talking about Grameen Bank Arkivert 2006-01-05 ved Wayback Machine.
- An interview with him
- A short biography
- ↑ «Muhammad Yunus takes oath as head of Bangladesh’s interim government», Al Jazeera (på engelsk), henta 9. august 2024
- ↑ «Muhammad Yunus lands in Bangladesh to lead interim government», BBC News (på engelsk), 8. august 2024, henta 9. august 2024